Vi behandlar Clostridioides difficile med antibiotika. Sjølv med behandling, kan du bli sjuk igjen.
Infeksjon med Clostridioides difficile førekjem vanlegvis berre hos personar som får antibiotika. Det er sjeldan at pårørande blir sjuke.
Diaré oppstår i dei fleste tilfella først når ein person som er smitta i tillegg får antibiotika. Derfor er det spesielt viktig å hindre smitte i sjukehus. Når du er på sjukehuset, er det viktig at du vaskar hendene grundig med såpe og vatn.
På sjukehuset vil du få einerom og eige toalett. Dei som møter deg, har smittefrakk og hanskar. Vi samlar skittentøy i ein eigen gul sekk på rommet.
I utgangspunktet må du vere på rommet heile tida. Du kan spørje om å få lov til å forlate rommet. Du kan få besøk, men dei som besøker deg må følge alle reglane som står her.
Dei som besøker deg, MÅ:
- kontakte personalet før dei går inn på pasientrommet
- kontakte personalet om dei må på toalettet
- ha på seg smittefrakk og hanskar
- vaske hendene grundig når dei går ut av rommet
Dei som besøker deg, MÅ IKKJE:
- ikkje bruke personlege eigedelar (for eksempel mobiltelefon) i pasientrommet.
- ikkje ha med mat og drikke
- ikkje sitte i pasientsenga
- ikkje røre maten på sengeposten
- ikkje ete eller drikke i pasientrommet, i kafeen eller kantina
- ikkje bruke toalettet på pasientrommet
- ikkje besøke andre pasientar
Be personalet om meir informasjon. Det finst to brosjyrar, éin brosjyre med informasjon til pasientar og éin brosjyre med informasjon til besøkande.