Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tarmtømming med Plenvu

Nokre undersøkingar krev at tarmen din er tømt. Tarminnhald kan gjere at vi ikkje ser dei organa eller strukturar vi ønsker å sjå, eller at bildefunn kan bli mistolka. Det er først og fremst undersøking av tjukktarmen som krev denne førebuinga, men også undersøking av nyrer og urinvegar kan krevje tømming av tarmen.

Før

Ei veke før undersøkinga

  • Kjøp tømmingsmiddel (om apoteket ikkje har det på lager, skaffar dei det på ein dag eller to).
  • Unngå mat med frø, heilkorn, kli, druestein, appelsin, mais og tyttebær, bringebær og jordbær.
  • Dersom du bruker jerntablettar, må du slutte å ta desse 1 veke før timen.  
  • Sjekk med tilvisande lege eller sjukehuset om du skal stoppe med blodfortynnande medisinar.

NB: Om du har fått time på kort varsel, kan det hende du ikkje får høve til å følge desse råda. Du skal likevel møte til timen.

Dagen før undersøkinga

  • Et ein lett frukost (lyst brød, smør og margarin, kvitost og kremost, mjølk, yoghurt, eggekvite, majones, lyst kjøttpålegg, kvit fisk, ris, pasta og poteter utan skal).
  • Dersom du har time etter kl. 15.30 kan du også ete ein lett lunsj (sjå lista over).
  • Etter dette skal du ikkje ete meir, men du kan drikke klare væsker (vatn, te, kaffi utan fløyte/mjølk, buljong, jus utan fruktkjøtt, saft eller brus).

Under

Tarmtømming med Plenvu

8–18 timer før undersøkinga (dose 1)

  • Løys Plenvu dose 1 i 500 ml vann. Bruk inntil 1 time på å drikke blandinga. Deretter drikk du 500 ml klar væske i løpet av 30 minutt.

    Vi anbefaler at du kjøler blandinga ned med isbitar eller set den i kjøleskap i nokre timar før du drikk den. Blandinga kan oppbevarast ved romtemperatur eller i kjøleskap i opptil 24 timar.

4–5 timer før undersøkelsen (dose 2)

  • Drikk eit glas klar væske, gjerne buljong
  • Deretter blander du Plenvu dosepose A og dosepose B saman i 500 ml vatn. Bruk minst 1 time på å drikke blandinga. Deretter drikk du 500 ml klar væske i løpet av 30 minutt. Du kan gjerne drikke Plenvu og klar væske om kvarandre over 90 minutt.

    Vi anbefaler at du kjøler blandinga ned med isbitar eller set den i kjøleskap i nokre timar før du drikk den. Blandinga kan oppbevarast ved romtemperatur eller i kjøleskap i opptil 24 timar.

Fortsett å drikke klare væsker før, mens og etter at du har tatt Plenvu, for å forhindre at det oppstår væskemangel (dehydrering). Det er viktig at du drikk dei anbefalte mengdene med klare væsker.

Forslag til tømmingsskjema med Plenvu
Time for undersøking Dose 1 – Drikk dette dagen før undersøkinga Dose 2 – Drikk dette same dag som undersøkinga
kl 08:30 kl 19:00 kl 04:00
kl 09:30 kl 19:00 kl 04:00
kl 10:30 kl 19:00 kl 05:00
kl 12:00 kl 20:00 kl 07:00
kl 13:00 kl 20:00 kl 08:00
kl 14:00 kl 20:00 kl 09:00
  Dose 1 – Drikk dette same dag som undersøkinga Dose 2 – Drikk dette same dag som undersøkinga
kl 16:00 kl 06:00 kl 11:00
kl 17:00 kl 07:00 kl 12:00
kl 18:00 kl 07:00 kl 13:00
kl 19:00 kl 08:00 kl 14:00

Det må gå minst éin time mellom dose 1 og dose 2.

Etter

Det er ingen oppfølging etter tømming med Plenvu.

Sist faglig oppdatert 04.03.2025

Kontakt

  • Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    Om timen din på sjukehuset (endring/avbestilling) - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    Praktisk informasjon

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    ​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

    Opningstider kantine

    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

    Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

    Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider kiosk

    Måndag-fredag: 06.30-21.00 
    Laurdag: 09.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk, Odda

    Oppmøtestad

    Poliklinikkane er i 1. etasje på Odda sjukehus. Meld deg i hovudresepsjonen når du kjem.

    Om timen din på sjukehuset - Helse Fonna HF

    En bygning med et fjell i bakgrunnen

    Odda sjukehus

    Sjukehusvegen 10

    5750 Odda

    Praktisk informasjon

    Eigendel

    Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

    Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

    Frikort

    Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

    Frikort for helsetjenester - Helsenorge

    Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

    ​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


    Opningstider

    Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

    Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

    Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

    I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

    Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

    Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

    Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

    Alternativ overnatting i Odda

    Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
     
    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Reserverte parkeringsplassar

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

    På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.