Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Thyreoideascintigrafi – nukleærmedisinsk undersøking av skjoldbruskkjertelen

Ved thyreoideascintigrafi får du ein liten dose radioaktivitet injisert gjennom eit tynt plastrøyr (venekanyle) som ligg i ei blodåre i armen. Det radioaktive stoffet blir tatt opp i skjoldbruskkjertelen (thyroidea) på halsen og vi avbildar kjertelen med eit gammakamera, eventuelt supplert med SPECT/CT. Bilda fortel oss korleis opptaket i kjertelen er og kan dermed seie oss noko om funksjonen i skjoldbruskkjertelen.

Om undersøkinga

Scintigrafi av skjoldbruskkjertelen blir vanlegvis utført for å avklare årsaka til at kjertelen lagar for mykje tyroksin/gir høgt stoffskifte. Undersøkinga kan også seie noko om kva nytte du vil ha av å få behandling med radioaktivt jod ved ulike tilstandar med høgt stoffskifte.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser.

Fastlegen tilviser deg oftast til ein endokrinolog først og så blir du tilvist vidare til nukleærmedisinsk avdeling for avbilding dersom endokrinologen finn indikasjon for dette.

Før

Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, der får du informasjon som er viktig for undersøkinga.

Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed så fort som mogleg.

Om du er gravid, kan vere gravid, eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkallinga. I dei aller fleste tilfella skal da denne undersøkinga ikkje gjennomførast.

Viktige førebuingar

  • Om du bruker medisinar for å regulere stoffskiftet, må du slutte med desse ei tid før undersøkinga. Følg informasjonen i innkallingsbrevet eller frå legen som tilviste deg.
  • Om du har vore til ei undersøking der du har fått jodhaldig kontrast dei siste 8 vekene, må du ta kontakt med oss. Det kan da vere nødvendig å gi deg ein ny time.
  • Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga.
  • Ikkje ha på deg smykke når du kjem til undersøking.

Under

  • Du får eit tynt plastrøyr (venekanyle) i armen der vi tar blodprøver (stoffskifteprøver) og set inn det radioaktive stoffet (Technesium). Stikket i armen gjer ikkje vondare enn ei blodprøve.
  • Du må vente cirka 15–20 minutt før vi kan ta bilde av deg.
  • Bildetakinga tar 10–20 minutt, og du må kunne ligge stille på ryggen i denne tida.

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Etter undersøkinga bør du drikke litt ekstra vatn fordi det radioaktive stoffet skilst ut gjennom nyrene. Stråledosen som blir gitt er svært liten og det radioaktive stoffet vil vere ute av kroppen etter cirka 1 døgn (halveringstid=6 timar).

Bilda skal etterbehandlast og granskast av legar ved sjukehuset. Svar på undersøkinga kjem til legen som har tilvist deg.

Ver merksam

Allergiske reaksjonar etter undersøkinga er ekstremt sjeldne. Det er elles ingen biverknader av undersøkinga.

Sist faglig oppdatert 19.02.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no