Thyreoideascintigrafi – nukleærmedisinsk undersøking av skjoldbruskkjertelen
Ved thyreoideascintigrafi får du ein liten dose radioaktivitet injisert gjennom eit tynt plastrøyr (venekanyle) som ligg i ei blodåre i armen. Det radioaktive stoffet blir tatt opp i skjoldbruskkjertelen (thyroidea) på halsen og vi avbildar kjertelen med eit gammakamera, eventuelt supplert med SPECT/CT. Bilda fortel oss korleis opptaket i kjertelen er og kan dermed seie oss noko om funksjonen i skjoldbruskkjertelen.
Om undersøkinga
Scintigrafi av skjoldbruskkjertelen blir vanlegvis utført for å avklare årsaka til at kjertelen lagar for mykje tyroksin/gir høgt stoffskifte. Undersøkinga kan også seie noko om kva nytte du vil ha av å få behandling med radioaktivt jod ved ulike tilstandar med høgt stoffskifte.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser.
Fastlegen tilviser deg oftast til ein endokrinolog først og så blir du tilvist vidare til nukleærmedisinsk avdeling for avbilding dersom endokrinologen finn indikasjon for dette.
Før
Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, der får du informasjon som er viktig for undersøkinga.
Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed så fort som mogleg.
Om du er gravid, kan vere gravid, eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkallinga. I dei aller fleste tilfella skal da denne undersøkinga ikkje gjennomførast.
Viktige førebuingar
- Om du bruker medisinar for å regulere stoffskiftet, må du slutte med desse ei tid før undersøkinga. Følg informasjonen i innkallingsbrevet eller frå legen som tilviste deg.
- Om du har vore til ei undersøking der du har fått jodhaldig kontrast dei siste 8 vekene, må du ta kontakt med oss. Det kan da vere nødvendig å gi deg ein ny time.
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga.
- Ikkje ha på deg smykke når du kjem til undersøking.
Under
- Du får eit tynt plastrøyr (venekanyle) i armen der vi tar blodprøver (stoffskifteprøver) og set inn det radioaktive stoffet (Technesium). Stikket i armen gjer ikkje vondare enn ei blodprøve.
- Du må vente cirka 15–20 minutt før vi kan ta bilde av deg.
- Bildetakinga tar 10–20 minutt, og du må kunne ligge stille på ryggen i denne tida.
Etter
Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Etter undersøkinga bør du drikke litt ekstra vatn fordi det radioaktive stoffet skilst ut gjennom nyrene. Stråledosen som blir gitt er svært liten og det radioaktive stoffet vil vere ute av kroppen etter cirka 1 døgn (halveringstid=6 timar).
Bilda skal etterbehandlast og granskast av legar ved sjukehuset. Svar på undersøkinga kjem til legen som har tilvist deg.
Ver merksam
Allergiske reaksjonar etter undersøkinga er ekstremt sjeldne. Det er elles ingen biverknader av undersøkinga.