Behandling
Tilvekstkontroll
Frå og med svangerskapsveke 24 vil jordmor eller fastlege måle livmora frå symfusen (skambeinet) til toppen av livmora med eit måleband (symfuse-fundus mål, SF-mål) som eit indirekte mål på storleiken til fosteret. Om SF-målet avvik frå normalkurva, vil du bli tilvist til svangerskapspoliklinikken for vidare undersøking med ultralyd for å finne årsaka til avviket.
Fleire forhold kan påverke SF-målet:
- Høgt SF-mål kan vere uttrykk for stort barn, muskelknute, mykje fostervatn eller tvillingar
- Lågt SF-mål kan vere teikn på at fosteret veks langsamt eller for lite fostervatn
Det kan også vere at alt er normalt sjølv om SF-målet enten er høgt eller lågt, fordi slik målemetode kan vere usikker.
At eit foster veks for lite, kan skuldast sjukdom i morkaka, genetiske/arvelege årsaker, sjukdom hos mor, eller sjukdom hos fosteret.
Dersom ein finn at fosteret er lite i høve til lengda på svangerskapet, blir det lagd planar for oppfølging med kontrollar ved poliklinikken på sjukehuset. Nokre gongar blir det tilrådd å framskunde fødselen dersom fosteret ikkje veks tilfredsstillande
Dersom ein finn at fosteret er svært stort i høve til lengda på svangerskapet, kan det bli føreslått å starte fødselen éi til to veker før termin.
Tilvising og vurdering
Du bør tilvisast til ein svangerskapspoliklinikk på sjukehus dersom:
- det er manglande eller redusert auke av SF-måla mellom to svangerskapskontrollar
- legen eller jordmora di finn at du er i risikogruppa for å få barn med tilvekstproblem
- du tidlegare har fødd eit barn med låg fødselsvekt
- SF-målet er uforholdsmessig stort eller veks unormalt raskt
Før
Dersom du blir tilvist til svangerskapspoliklinikken, må du ta med ei urinprøve når du skal til undersøkinga.
Lite fosterbevegelsar
Ved manglande tilvekst og trivsel hos fosteret kan det bevege seg mindre. Du vil kjenne færre fosterbevegelsar. Ved betydeleg og vedvarande reduksjon i fosterbevegelsar, bør du kontakte fødeavdelinga direkte.
Under
Det er rutine å kontrollere mor sitt blodtrykk og urin ved ein tilvekstkontroll.
Registrering av fosterets hjarterytme
Ved tilvekstkontroll vil vi også i nokre tilfelle registrere hjarterytmen til fosteret (CTG).
Ultralydundersøking
Ultralydundersøkinga inkluderer:
- målingar av størrelsen til fosteret (hovud, buk og lårbein) og berekning av fostervekt basert på desse enkeltmåla
- samanlikning med tidlegare målingar, dersom dei finst
- evaluering av mengd fostervatn
- vurdering av fosteraktivitet
- eventuelt måling av gjennomstrauming av blod i navlesnora og nokre andre blodkar
Etter
Saman med informasjonen om helsa di, risikofaktorar, resultat frå tidlegare undersøkingar, alderen og veksten til fosteret over tid, blir oppfølging av svangerskapet planlagd vidare.
Nokre gravide blir følgde opp hos fastlege eller jordmor, nokon blir følgde poliklinisk på sjukehuset, og nokon blir innlagde til observasjon. Hos nokon blir også beste tidspunkt for forløysing av barnet og forløysingsmetode planlagt (vaginal fødsel eller keisarsnitt).
Neste svangerskap
Avhengig av årsaker, kan det vere auka risiko for gjentaking av langsam fostervekst i neste svangerskap. Dersom du planlegg å bli gravid fleire gonger, blir det tilrådd at neste svangerskap blir planlagt og følgt opp i samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Oppfølging i neste svangerskap kan innebere at du blir tilrådd å starte med ein blodfortynnande medisin (Albyl E) frå 12. svangerskapsveke, og at du får nokre ekstra ultralydkontrollar på sjukehuset.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Føde og barsel Haugesund
Oppmøtestad
3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Besøkstider og retningslinjer for besøk
- Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
- Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund