Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Røntgen colon transittid

Røntgen av tjukktarmen med markørar

Røntgen av tjukktarmen med markørar, også kalla røntgen colon transittid, er ei undersøking som måler kor raskt innhald passerer gjennom mage-tarmsystemet. Undersøkinga kan vise om passasjen er normal, langsam eller rask, og om det er opphoping av tarminnhald i ulike delar av tjukktarmen.

Målinga blir gjord ved at du før røntgenundersøkinga svelger kapslar med markørar som du har fått tilsendt, over ein periode på 6 dagar. Markørane er synlege på røntgenbildet, og ved å måle kor mange markørar som er igjen i tarmsystemet, kan ein vurdere passasjetida. 

Undersøkinga blir brukt ved mistanke om forstyrra tarmpassasje, særleg ved forstopping, mistanke om langsam tarmpassasje eller for å vurdere korleis innhaldet bevegar seg gjennom tjukktarmen.

Før

  • Du vil få eit brett med sju kapslar som inneheld markørar. Det følger også med ei rettleiing. Les dette nøyet før du startar.

  • Kapslane blir svelgde heile med drikke. Dersom du ikkje klarer å svelge kapselen, kan du opne han og blande innhaldet i litt mjuk mat. Kapslane/markørane må ikkje tyggast.

  • Du skal svelge éin kapsel dagleg i fem dagar – helst omtrent til same tid kvar dag. 

  • På dag 6 (dagen før timeavtalen) skal du svelge to kapslar. 

  • På dag 7 blir tatte eit røntgenbilde av mageregionen. 

  • I denne perioden skal du ete og drikke som vanleg. 

  • Du skal unngå å bruke tarmregulerande midlar, som avføringsmiddel eller klyster. 

Under

Det blir tatt røntgenbilde over magen på dag 7. Undersøkinga tar eit par minutt og er heilt smertefrie.

Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging. Resultatet blir sendt til tilvisande lege. 

Markørane er heilt ufarlege. Dei passerer gjennom tarmen og kjem ut med avføringa. Dei kan trygt skyljast ned i toalettet. 

Stråledosen ved røntgenundersøkinga er svært liten. 

Sist faglig oppdatert 27.03.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no