Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Tuberkulose (TB) er ein infeksjonssjukdom som er forårsaka av ein bakterie. Smitte skjer normalt via lufta, oftast ved at sjuke personar hostar og at dropar med bakteriar blir inhalerte av friske personar. Ein reknar med at ein firedel av befolkninga i verda er smitta, men berre nokre få av dei som er smitta, blir sjuke. Tuberkulose er ein sjukdom som kan behandlast, og dei aller fleste blir heilt friske. I Noreg er utgreiing, behandling og kontroll av tuberkulose gratis.

Illustrasjon: Alle bilder: LHL International
Tuberkulose i andre organ enn lungene kan gi symptom frå desse organa. For eksempel vil tuberkulose i lymfekjertlane kunne gi store kjertlar.
Barn med tuberkulose hostar sjeldan.

Desse symptoma er også vanlege symptom på nokre andre sjukdommar, så for å vere sikre på at det er tuberkulose du har, må du undersøkast på fleire måtar. Alle som har eitt eller fleire av desse symptoma, bør gå til lege!
Om du mistenker at du eller nokon du kjenner har tuberkulose, bør du oppsøke fastlegen, legevakta eller helsetenesta med ansvar for smittevern i kommunen du bur i, så snart som mogleg.
Meir informasjon om symptom på fleire språk (fhi.no)
More information about symptoms, in more languages (fhi.no)
Denne videoen er tilgjengeleg på mange språk:
This video is available in many languaes:
Amharic Arabic Dari English French Pashto Romanian Russian Somali Tigrinua Ukrainian Urdu Vietnamese
Det bør nyttast eigen mal frå FHI for tilvising etter tuberkuloseundersøking eller ved utgreiing for TB sjukdom:
Tilvising etter tuberkuloseundersøking i kommunen
For meir informasjon og rettleiing om tilvisingar til spesialisthelsetenesta:
Nasjonal rettleiar for tilvisingar til spesialisthelsetenesta, Helsedirektoratet.
Detaljerte reglar for korleis å kontrollere og kven som skal tilvisast, finst på fhi.no:
Verktøy for helsepersonell (Dokumentasjons- og tilvisingsskjema, flytskjema, rapportskjema, behandlingsplanar og malar.)
Helsepersonell i kommunen du bur i tilviser deg til tuberkuloseundersøking, som består av røntgenbilde av lungene og blodprøva IGRA, som blir tatt på sjukehuset. Det kan ta nokre dagar før svara på prøvane er klare. Av og til viser prøvene at du må ta fleire undersøkingar eller snakke med lege/spesialist på sjukehuset. Dette treng ikkje bety at du er sjuk av tuberkulose.
Informasjonsark om tuberkuloseundersøking på 23 språk (fhi.no)
Information in 23 languages (fhi.no)
Å få ein time på sjukehuset kan ta alt frå nokre dagar til tre månader frå du blir tilvist frå kommunen. Det varierer også kva undersøkingar du skal ta.
På sjukehuset skal spesialisten finne ut om du berre er smitta av tuberkulose eller om du kan vere sjuk, om du bør tilbydast behandling eller følgast opp i ei tid. Undersøkingar kan vere nytt røntgenbilde av lungene, blodprøver, ei luftvegsprøve (hosteprøve/ekspektoratprøve/indusert sputum), undersøking av spesialist eller det kan vere andre prøver. Svar på undersøkingar frå sjukehuset kan ta lang tid, opp til to månader.
Dei fleste kan leve som normalt i tida dei ventar på undersøking. Du kan ha tuberkulosebakteriar i kroppen utan å bli sjuk av tuberkulose. Berre ubehandla tuberkulose i lungene kan smitte andre.
Om du får symptom på tuberkulose, spør helsepersonellet i kommunen din eller fastlegen din om du kan leve som normalt, eller om du må ta nokre spesielle forholdsreglar.
Røntgen av lungene for tuberkulose under graviditet (fhi.no)
Tuberkulose er ein sjukdom som kan behandlast, og dei aller fleste blir heilt friske. Behandlinga er gratis i Noreg.

Det er spesialistar på sjukehuset (infeksjon/lunge/pediatri) som har ansvaret for utgreiing og behandling av tuberkulose. Tuberkulosekoordinatoren (TB-koordinator) følger behandlinga di og samarbeider med legen på sjukehuset og dei smittevernansvarlege i kommunen du bur i.
Det er veldig viktig å ta medisinane kvar dag slik legen din gir beskjed om. Om du avsluttar behandlinga for tidleg eller gløymer å ta tablettane, kan bakteriane bli resistente (motstandsdyktige) og medisinane sluttar å verke.
Vanlegvis er det slik at ein helsearbeidar kjem heim til deg med medisinar kvar dag. Dette blir kalla direkte observert terapi (DOT). Nokre stader er det mogleg å møtast via video i staden for (video-DOT). Det blir laga eit behandlingsopplegg som passar best mogleg for deg. Både pasient og helsepersonell kan kontakte TB-koordinator om dei lurer på noko.
Denne videoen er tilgjengeleg på flere språk: English Somali Tigrinua
This film is available in other languages:
Tuberkulose blir behandla med medisinar, vanlegvis tablettar. Dei fleste pasientar må ta medisinar kvar dag i seks månader, men av og til er behandlingstida lengre.
Du blir frisk av tuberkulose på 12 språk (fhi.no)
Du blir innlagd på luftsmitteisolat på sjukehuset. Innleggingstid vil variere frå 2–3 veker til det blir rekna som trygt å bli skriven ut. Besøkande har på maske framfor ansiktet (andedragsvern), frakk og hanskar, og da kan dei ikkje bli smitta. Når du ligg på isolat skal du i utgangspunktet vere på rommet heile tida, men på nokre sjukehus er det høve til å gå ein tur utandørs i løpet av dagen.
Mange pasientar synest det er vanskeleg å vere isolerte. Hugs at det er tuberkulose-bakteriane, og ikkje deg, dei må verne seg mot. Snakk med helsepersonellet eller familien din om du har det vanskeleg.
Personar som har hatt tett kontakt med den sjuke, kan bli innkalla til undersøking av dei bur i.
Til deg som har blitt utsett for tuberkulosesmitte, på 19 språk (fhi.no)
Behandlinga startar i heimen (poliklinisk) og du lever som normalt.
Om du er smitta av bakterien, men ikkje er sjuk, kan det likevel hende at legen anbefaler deg å ta tuberkulosemedisinar. Dette er for å unngå at du blir sjuk seinare. Slik behandling blir kalla førebyggande tuberkulosebehandling. Personar som tar førebyggande behandling er friske, og kan ikkje smitte andre.
Kva er førebyggande tuberkulosebehandling? på 12 språk (fhi.no)
All behandling startar hos legen ved sjukehuset. Legen følger Folkehelseinstituttet sine retningslinjer for oppfølging av aktiv tuberkulosesjukdom og førebyggande tuberkulosebehandling.
Førebyggande tuberkulosebehandling blir stundom følgd opp med blodprøver hos tuberkulosekoordinator eller fastlege. Fastlegen får beskjed frå sjukehuset om pasientar som står på lista deira.
Som pasient vil du få støtte og rettleiing gjennom heile behandlingsperioden av legen på sjukehuset og tuberkulosekoordinator, og heimesjukepleiarane som gir deg medisinane. Du kan kontakte tuberkulosekoordinator om du har spørsmål undervegs i behandlinga.
Det er spesielle reglar når du skal søke om å få dekt reiser (bil, tog, buss) til tuberkulosekontroll, førebyggande tuberkulosebehandling eller tuberkulosebehandling. Reiseutgifter blir fullt ut dekte. Pasientar utan ID-nummer/personnummer/bankkonto kan få utbetalingsblankett tilsendt per post.
Send til: Pasientreiser HF/ Spesialsaker, Postboks 2864 Køyrbekk, 3702 Skien
Behandlar må avgjere om pasientar til TB kontroll/behandling har krav på taxi, og ved bestilling oppgi «Ingen eigendel, annan fritaksgrunn § 24» slik at reisa blir gratis / utan eigendel.