Ved undersøking finst forandringar i betennelsen og fistelopningar øvst i rumpesprekken. Desse opningane kan vere både i midtlinja og noko ut til sidene.
Tvilling (sacralcyste)
Dette er ein betennelse som startar i hår- og talgkjertlar i midtlinja der ryggen går over i "rumpesprekken". Med tida dannar det seg ein byll (abscess) i dette området. Tilstanden kan vere vanskeleg å behandle. Mange opplever at tilstanden stadig kjem tilbake. Sjukdommen forsvinn som regel av seg sjølv og er sjeldan hos personar over 40 år.
Tilstanden har fleire nemningar, som pilonidalcyste og sakralcyste. På folkemunne blir han ofte kalla "tvilling".
Sjukdommen er ikkje uvanleg. Sjukdommen finst oftast blant unge vaksne i alderen 15–30 år, og han er klart hyppigare blant menn enn blant kvinner.
Tilstanden oppstår etter puberteten, då auka utskiljing av kjønnshormon påverkar hårvekst og talgproduksjon. Fordi det er tett og trongt i området har det lett for å utvikle seg lokale betennelsar og danning av byllar.
Symptom
I starten kjennest området ømt. Etter kvart oppstår tydelege teikn på infeksjon: Hevelse, lokal varme, raudleik og ømheit. Byllen kan sprekke av seg sjølv. Hos personar som har hatt dette lenge, vil det kunne sive væske ut av fistelopningane i periodar. Ved utilstrekkeleg behandling vil betennelsen støtt og stadig kunne ta seg opp igjen, og ein må fleire gonger til lege for å få tømt ut verk frå byllen.
Utgreiing
Behandling
Det finst ulike behandlingsmåtar og behandlinga avheng av i kva fase betennelsen er. Du har rett til å vere med å bestemme, og vi tek avgjerda saman med deg. Dette kallar vi samval.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
I tidleg fase er grundig reinhald viktig.
- Du bør dusje kvar dag og då bruke såpe med låg pH (til dømes Lactacyd), eventuelt såpe med eddik (til dømes Optima hudvask).
- Bruk eige handkle til underlivet, då det kan liggje blod- og andre sekretrestar i rumpesprekken.
- Skift undertøy dagleg.
- Dusj etter trening og fysisk hardt arbeid og ta på reint og tørt undertøy.
- Det er lurt å vaske nye klede før bruk (for å fjerne eventuelle lause tekstilfibrar som kan leggje seg i rumpesprekken).
- Det er svært viktig at eventuelle lause hår blir fjerna, og det blir tilrådd å fjerne (barbere) hår i området. Ikkje bruk barberhøvel, då denne kan lage fleire sår, men bruk klippemaskin.
Denne behandlinga er ikkje alltid nok. Ofte blir det danna fleire små fistelgangar (kanalar under huda som ikkje gror). Då kan det være nødvendig med ein operasjon.
Oppfølging
Problemet kan komme tilbake igjen, sjølv etter grundig kirurgi. Det kan derfor vere nødvendig med fleire operasjonar. Ved behov for nye operasjonar er det sannsynlegvis viktig at ein blir behandla på ei avdeling som har erfaring med denne typen inngrep.
I dei fleste tilfelle er tilstanden så ubehageleg og plagsam at dei fleste ønske ei aktiv behandling.
Kontakt
Stord sjukehus
Dagkirurgi Stord
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Dagkirurgi StordOppmøtestad
Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.
Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss.

Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord