Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Undersøking av pulsårane til hjernen
Ultralyd av halspulsårar
Ultralydundersøking av halspulsårar er ei undersøking som blir brukt for å sjå om det er tronge blodårar i halsen.
Ultralydundersøking av halspulsårar blir gjord i dei tilfella der det er mistanke om tronge årar som anten gir redusert sirkulasjon eller som kan vere årsak til «drypp» (TIA) eller hjerneslag.
Tilvising og vurdering
Ved symptom på «drypp» (TIA) eller hjerneslag skal pasienten tilvisast som akutthjelp for innlegging og utgreiing.
Somme blir tilviste direkte til undersøking av halspulsåra på bakgrunn av familiær risiko for åreforkalking eller fordi ein av andre grunnar mistenkjer tronge halspulsårar.
Tilvisinga må innehalde:
Relevant problemstilling (familieanamnese, tidlegare sjukdommar og symptom på cerebrovaskulær sjukdom)
Medikamentliste og eventuelt informasjon om tidlegare bruk av blodfortynnande medisinar
Cave (medisinsk uttrykk som betyr «skal ikkje ha» eller «kontraindisert»)
Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.
OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.
Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.
Måndag-sundag: 17.00-18.30
Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.
Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps.
Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.
Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand.
Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.
I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.
Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.