Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Undersøking av pulsårane til hjernen

Ultralyd av halspulsårar

Ultralydundersøking av halspulsårar er ei undersøking som blir brukt for å sjå om det er tronge blodårar i halsen.

Ultralydundersøking av halspulsårar blir gjord i dei tilfella der det er mistanke om tronge årar som anten gir redusert sirkulasjon eller som kan vere årsak til «drypp» (TIA) eller hjerneslag.

Tilvising og vurdering

  • Ved symptom på «drypp» (TIA) eller hjerneslag skal pasienten tilvisast som akutthjelp for innlegging og utgreiing.
  • Somme blir tilviste direkte til undersøking av halspulsåra på bakgrunn av familiær risiko for åreforkalking eller fordi ein av andre grunnar mistenkjer tronge halspulsårar.

Tilvisinga må innehalde:

  • Relevant problemstilling (familieanamnese, tidlegare sjukdommar og symptom på cerebrovaskulær sjukdom)
  • Medikamentliste og eventuelt informasjon om tidlegare bruk av blodfortynnande medisinar
  • Cave (medisinsk uttrykk som betyr «skal ikkje ha» eller «kontraindisert»)
  • Funn ved klinisk undersøking
  • Relevante funn ved tilleggsundersøkingar
Sist faglig oppdatert 01.08.2022

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no