Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
UL lever med kontrast

Ultralyd av lever med kontrast

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger. Lydhovudet på ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen og registrerer bølgene som kjem i retur. Lydbølgene blir analyserte og omdanna til eit bilete.

Vi utfører undersøkinga for å kunne stille ein sikker diagnose ved forandringar i lever, eller ved kontrollar av pasientar som har hatt kreft i tjukk- og endetarmen. Det blir gitt kontrastmiddel i blodåra (intravenøst) under undersøkinga. Ultralyd slik den vert nytta er ikkje skadeleg for kroppen.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Før

Førebuing heime

Du må faste dei siste fire timane før undersøkinga. Det vil sei at du ikkje må ete, drikke, tygge tyggegummi eller røyke før etter undersøkinga.

Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert gitt ved innkalling eller ved avdelinga når time blir avtalt.

På sjukehuset

Før sjølve undersøkinga får du innlagt ein tynn plastslange i ei blodåre på armen (veneflon). Du blir også spurt om eventuelle tidligare reaksjonar på kontrastmiddel.

Under

Under undersøkinga ligg du på ein benk. Du må ta av klede som dekker det området vi skal undersøke. Det vert nytta gele på huda som aukar kvaliteta på bileta. Ein radiograf set kontrastmiddel gjennom nåla i arma di. Røntgenlegen flyttar lydhovudet over det aktuelle området medan vi tek ein serie av bileter. Undersøkinga varer som regel frå 15 til 30 minutt.

Etter

Etterpå vert du bedt om å sitje på venterommet i 30 minutt. Dette for å sikre at du ikkje reagerer på kontrastmiddelet i etterkant av undersøkinga.

Resultatet av undersøkinga 

Når ultralydundersøkinga er ferdig kan du reise heim. Bileta blir granska av ein radiolog (røntgenlege) og svaret blir sendt til legen som tilviste deg.
Sist faglig oppdatert 29.08.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no