Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ultralydundersøking av barn

Dette er ei undersøking der vi bruker ultralyd for å stille diagnose eller kartlegge sjukdom.

Under undersøkinga bruker legen eit utralydapparat. Apparatet har ein liten probe som blir ført over huda. Det blir brukt gelé på området som skal undersøkast.

Undersøkinga er ikkje smertefull.

Tilvising og vurdering

Det er legen til barnet som sender tilvisinga.

Før

Det er viktig at barn og unge som skal til ultralyd er godt førebudde. Vi anbefaler at du som forelder/føresett les informasjonen nøye og forklarer barnet kva som skal skje. Informasjon og samtale bidrar til tryggleik hos barnet.

Viktige førebuingar

Nokre ultralydundersøkingar krev førebuingar. Det er viktig at desse blir følgde for at undersøkinga skal bli best mogleg.

  • Barn over 2 år skal ikkje ete dei siste 4 timane før undersøkinga, men kan drikke vatn.
  • Barnet skal drikke litt ekstra vatn/saft, tilsvarande cirka 2 glas, 15-20 minutt før undersøkinga.
  • Barnet skal helst ikkje tisse den siste timen før undersøkinga.

Viss det blir ventetid før barnet kjem inn til undersøkinga, og barnet opplever sterk vasslatingstrong, si i frå i ekspedisjonen.

Ingen spesielle førebuingar. Undersøkinga varer i 15-30 minutt.

Under

Barnet ligg vanlegvis på ein benk under undersøkinga. Området som skal undersøkast, må vere avkledd. For å kunne lage gode bilde må det vere god kontakt mellom huda og proben. Derfor smør vi gelé på huda. Geléen blir varma opp på førehand, men kan kjennast litt våt og klissete.

Undersøkinga blir utført i eit ganske mørkt rom.

Proben blir ført fram og tilbake over området som skal undersøkast, samtidig som det blir tatt bilde. Undersøkinga gjer ikkje vondt, men det kan av og til opplevast litt ubehageleg dersom vi må trykke litt ekstra med proben for å få betre innsyn.

Vi tar fleire bilde, og det er viktig at barnet ligg roleg slik at bilda blir gode og tydelege.

I nokre tilfelle er det aktuelt å måle stivleiken i eit organ, for eksempel levra, ved hjelp av ultralydelastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer i 3–5 minutt og har ingen kjente biverknader.

Foreldre eller føresette kan vere med under heile undersøkinga.

Sjølve undersøkinga varer vanlegvis 10 til 30 minutt, avhengig av kva område som skal undersøkast. Barnet kan reise heim rett etterpå.

For å sikre ro og god kvalitet ser vi helst at søsken ikkje følger med til undersøkinga.

Ultralydprobe med gele. Bilde
Ved ultralydundersøkinga bruker vi ein gelé og ein ultralydprobe. Denne geleen blir varma opp på førehand, men kan kjennast litt våt og klissete på huda.

 

Jente med ultralydprobe på magen.

Ved å føre dette ultralydprobeinet over det området av kroppen vi ønskjer å undersøkje, får vi bilete på ein skjerm som legen kan sjå på.

 

Radiolog og barn - ultralydundersøkelse. Bilde

Dersom det er ønske om det, kan vi forklare litt om bileta undervegs.

 

Radiolog forklarer bilde på skjerm. Bilde

Foreldre/føresette kan vere med under heile undersøkinga. Dette er ein stor tryggleik for barnet.

Alle foto: Sjukehuset Østfold

Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging. Bilda blir vurderte av ein røntgenlege, og svaret blir sendt til tilvisande lege.

Sist faglig oppdatert 16.02.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund