Vanlegvis utfører vi undersøkinga mens du ligg på ein benk. Du må vere avkledd på det området vi skal undersøke. For å kunne lage bilde må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Derfor bruker vi alltid ein kontaktgelé på huda. Du kan ofte føle at det blir litt kaldt med ein gong. Vi bevegar lydhovudet fram og tilbake i det aktuelle området og det blir tatt ei rekke bilde.
Undersøkinga gjer ikkje vondt. Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan kjennast litt ubehageleg, spesielt om du allereie har smerter eller er ømme i området.
I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Du får lagt inn eit lite plastrøyr i ei blodåre (venekanyle) i olbogen eller på handbaken. Venekanylen blir fjerna etter undersøkinga. Du vil på førehand bli spurd om du har alvorleg hjartesjukdom. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.
I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivleik i eit organ, for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3–5 minutt og har ingen biverknader.
Undersøkinga tar 10–30 minutt avhengig av kva som blir undersøkt.