Urinlekkasje hos kvinner, nynorsk
Urinlekkasje (urininkontinens) er ein tilstand der du vert plaga av ufrivillig urinavgang. Ca. 25% av norske kvinner har slike plager i større og mindre grad. Dei vanlegaste behandlingsmetodane er blæretrening, trening av bekkenbotnen, medikamentell behandling eller operasjon.
Tre typar urinlekkasje
Stressinkontinens eller lekkasje når du anstrenger deg
Lekkasje av urin ved auka trykk i buken som for eksempel når ein hostar eller hoppar. Denne typen er den vanlegaste hos yngre kvinner.
Urgeinkontinens eller hastverkslekkasje
Plutseleg og sterk vannlatingstrong som ofte fører til lekkasje. Denne typen er den vanlegaste hos eldre kvinner.
Blandingsinkontinens
Mange kvinner er plaga med både stress- og urgeinkontinens, ein blandingsinkontinens.
Tilvising og vurdering
Tilvisinga blir prioritert av lege som vurderer om du får tilbod om behandling ved sjukehuset eller ikkje. Du vil få tilsendt eit skjema for vatnlating / bleieveging som du må levere innan 3 veker for å få time. Det er eit mål at dei fleste pasientar med urinlekkasje skal starte behandling innan 3 månader etter at tilvisinga er tatt i mot ved sjukehuset. Legen vurderer om du treng raskare behandling.
Utredning
Du vil få time hos uroterapeut / sjukepleiar før du får time til gynekolog.
Utgreiing hos uroterapeut
Hos uroterapeuten blir det gjort undersøkingar som kartlegg blæra sin funksjon samt mengde urinlekkasje. Dette blir gjort med ulike testar. Undersøkinga tar ca. 30-60 min.
Vurdering hos gynekolog
Gynekologen vil spørje deg om plagane dine og det vil bli gjort ei gynekologisk undersøking. Gynekologen vil anbefale vidare behandling. Timen tar ca. 20-30 minutt. Det er lurt å ha med ei oppdatert liste over kva for medisinar du bruker.
Utgreiing hos uroterapeut og time til gynekolog kan vere på ulike dagar, eller du får time til begge same dag. Det vil stå i innkallingsbrevet kva som er planlagt for deg. Nokon vil også få tilbud om time til fysioterapeut same dag.
Aktivitet etter undersøking
Etter undersøkinga kan du vere i normal aktivitet, og du kan gå på jobb.
Vidare plan
Alt etter kva funn som blir gjort i utgreiinga, vil helsepersonell ta stilling til kva slags behandling som blir anbefalt vidare.
Behandling
Gynekologen vil ta stilling til kva slags behandling du skal ha. Etter overgangsalderen anbefaler ein alle med urinlekkasje å nytte lokale østrogen. Dette for å styrke slimhinna, førebygge blærebetennelse og dempe ei overaktiv blære. Overvektige blir anbefalt å gå ned i vekt. Medikamentell behandling kan ha effekt hos enkelte ved hastverkslekkasje og kan i så fall startast opp like etter at du har vore hos lege. Legen vil i så fall gje deg resept på dette.
Trening av bekkenbotnen vil ha effekt hos mange, spesielt dei som er plaga med lekkasje når dei anstrenger seg. Legen vil vurdere om du skal få time hos fysioterapeut som har spesialkompetanse på dette. Du kan starte med bekkenbotntrening med ein gong.
Blæretrening og andre tiltak for å betre toalettvanane kan hjelpe mange. Uroterapeuten vil snakke med deg om dette.
Ved lekkasje når du anstrenger deg, kan operasjon vere eit alternativ dersom trening eller andre tiltak ikkje har hatt ønska effekt. Den mest vanlege operasjonsmetoden ved slik lekkasje er TVT eller ulike variantar av den.
Enkelte pasientar må prøve ulike typar behandling før vi når målet. Andre behandlingar vi bruker er elektrostimulering, bulkamid, botox eller operasjon for blæreframfall.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Det er inga spesiell oppfølging etter behandling av urinlekkasje hos kvinner.