Som behaldar kan du bruke eingongs plastglas/urinprøveglas som du får kjøpt på apoteket. Urinen bør ha stått i blæra i minimum 4 timar for å gje eit representativt bilde av urinprøven. Morgonurin gir det beste resultatet.
Urinprøve
Ei urinprøve kan gi nyttig informasjon om ei rekke ulike tilstandar. For at prøven skal gi eit best mogeleg bilde av ein eventuell sjukdom, må den vere så nøyaktig og rein som mogleg.
For å unngå forureina urinprøve anbefalar vi vanlegvis at den blir tatt som midtstråleprøve. Med midtstråleprøve meinar vi at prøven blir tatt midt i urineringa ved å føre beholdaren inn i urinstrålen. Du skal ikkje avbryta urinerina mens prøven blir teken.
Før
Under
Etter
Kontakt
Haugesund sjukehus
Laboratoriemedisin
Oppmøtestad
Laboratoriet i Haugesund: du finn oss i 4. etasje i sydvestre blokk på Haugesund sjukehus. Vi har opent kvardagar kl. 08.00-14.30. Torsdagar har vi stengt frå 11.00-11.45.
Laboratoriet på Stord: du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus. Våre opningstider er kvardagar kl. 08.00-14.30.
Laboratoriet i Odda: Du finn oss i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus. Våre opningstider er kvardagar kl. 09.00-14.00.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord

Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda