Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Urinprøve

Ei urinprøve kan gi nyttig informasjon om ei rekke ulike tilstandar. For at prøven skal gi eit best mogeleg bilde av ein eventuell sjukdom, må den vere så nøyaktig og rein som mogleg.

For å unngå forureina urinprøve anbefalar vi vanlegvis at den blir tatt som midtstråleprøve. Med midtstråleprøve meinar vi at prøven blir tatt midt i urineringa ved å føre beholdaren inn i urinstrålen. Du skal ikkje avbryta urinerina mens prøven blir teken. 
 

 

Før

Som behaldar kan du bruke eingongs plastglas/urinprøveglas som du får kjøpt på apoteket. Urinen bør ha stått i blæra i minimum 4 timar for å gje eit representativt bilde av urinprøven. Morgonurin gir det beste resultatet.


Under

Ved urinprøvetaking skal du urinere direkte i eit prøveglas. For at urinprøven skal gje et best moglegg bilete av eventuell sjukdom, må du ta den på riktig måte. Kva som er riktig måte, avhenger av kva urinprøven skal brukast til. Korleis du skal gjere det får du informasjon om på førehand.


  1. Urinprøven skal være morgonurin eller urin som har stått i blæra i minimum 4 timar sida siste vasslating.
  2. Vask rundt urinrørsåpningen med reint vatn/klut. Hos sengeliggande kvinner skal kjønnet også vaskast. Ved utflod, plasser ein kompress i vagina. Ved menstruasjon er det best å vente til den er over før ein leverer urinprøve.
  3. Ta urinprøven.
    Kvinner: Hold kjønnsleppene frå kvarandre mens urinprøven tas.
    Menn : Trekk forhuda tilbake medan urinprøven tas.
  4. La første del av urinstrålen gå i toalettet. Før så eit plastbeger/uringlas inn i urinstrålen for å samle opp urin.
     

For chlamydia og TBC skal prøven tas frå første urinstråle.
For prøve til mikrobiologisk undersøkelse skal steril behaldar/bolle nyttast.

  • Prøven skal dere ta, om mogeleg, som midtstråleprøve. 
  • Frå barn som er tørre (ikkje brukar bleie), bør ein helst ta prøve av morgonurin.
  • På bleiebarn må du bruke ein urinoppsamlingspose. Den kjøper du på apotek. Vask kjønnet forsiktig med lunka vatn før posen blir festa.  
  • På bleiebarn vaskast kjønnet forsiktig med lunka vann.
  • Fest urinoppsamlingspose på barnet, som dere ser til kvart 15. minutt. Om barnet ikkje har urinert innan 1 time, må ein vaske igjen.
  • Tøm urinen frå posen over i prøveglaset.


 


Etter

Prøveglaset bør oppbevares kjølig inntil dere leverer det hos legen.

Glaset skal merkast med:

  • Namn
  • Fødselsdag
  • Dato prøven vert teken
  • Klokkeslett prøven vert teken
Sist faglig oppdatert 27.01.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Laboratoriemedisin

Kontakt Laboratoriemedisin

Oppmøtestad

Laboratoriet i Haugesund: du finn oss i 4. etasje i sydvestre blokk på Haugesund sjukehus. Vi har opent kvardagar kl. 08.00-14.30. Torsdagar har vi stengt frå 10.45-11.45.

Laboratoriet på Stord: du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus. Våre opningstider er kvardagar kl. 08.00-14.30.

Laboratoriet i Odda: Du finn oss i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus. Våre opningstider er kvardagar kl. 09.00-14.00.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda