Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utskraping etter spontan abort (revisio)

Vanlegvis blir medisinar brukte for å tømme livmora for restar av graviditet. Om dette ikkje lykkast, er kirurgisk tømming av restar etter graviditet aktuelt.

Før

Gynekologen undersøker deg, og det blir utført ein vaginal ultralyd. Deretter tar du blodprøver.

Ein sjukepleiar tar deg med til rommet ditt, og du vil få sett Cytotectabletter opp i skjeden. Cytotec set i gang ein modningsprosess i livmor.

Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal komme godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsette operasjonen.

Faste

Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, jus utan fruktkjøtt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagd operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.

Hygiene

Om mogleg bør du dusje. Fjern smykkar, ringar og liknande.

Under

Vanlegvis blir inngrepet utført i ein kortvarig narkose, ved hjelp av eit lite sug som tømmer livmorhòla.

Etter

Du kjem raskt tilbake til avdelinga. Du kan ete og drikke så fort du er i form til det. Som regel kan du reise heim igjen same dag.

Dei to første vekene kan det vere litt varierande bløding og utflod frå skjeden. På grunn av   infeksjonsfare bør du unngå karbad/basseng, ikkje bruk tampong eller ha samleie i ei vekes tid etter at blødinga har stoppa.

Ein sjeldan gong kan det oppstå infeksjon i livmora etter inngrepet. Da vil du få feber, smerter og småblødingar. I så fall bør du undersøkast og eventuelt behandlast.

Instrumenta som blir brukte under inngrepet kan medføre hol i livmorveggen. Du blir da ofte innlagd til observasjon til neste dag.

Kraftig bløding etter inngrepet kan førekomme, men dette kan oftast behandlast med medisinar.

Sist faglig oppdatert 15.02.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Du finn oss 3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå inn resepsjonen i 1. etasje, deretter gjennom dei doble dørene ved Narvesen kiosken og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.