Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Øyrer ser ulike ut frå person til person. Både form og størrelse varierer. Operasjon av utståande øyrer er eit reint kosmetisk inngrep.
I det offentlege helsevesenet er det kun barn og unge opp til 18 år som kan bli vurdert for å få operasjon av øyrer som står langt ut frå hovudet. Personar over 18 år som ønsker ein slik operasjon må oppsøke private klinikkar og får ikkje dette dekka av det offentlege.
Inngrepet blir stort sett gjort som dagbehandling, det vil seie utan at ein treng innlegging i sjukehus. For enkelte kan det bli nødvendig med eit opphald i samband med inngrepet.
Dei fleste pasientar blir operert i narkose. Større barn og ungdomar får tilbod om å gjere inngrepet med lokalbedøving. Pasienten må uansett vere fastande frå mat/drikke/tyggegummi/drops eller anna frå kl 00.00 natta før operasjonen. Du kan drikke klare væsker (saft/vatn) inntil 2 timar før oppmøte.
Legen som skal operere tar eit bilde av øyrene før operasjonen, og informerer nærare om kva som skal skje under inngrepet. Det er ingen garanti for at operasjonen vil gi heilt symmetriske øyrer.
Det er fleire operasjonsmetodar for utstående øyrer. Vi kan legge eit hudsnitt bak på ytre øyra, og deretter fjerne overskytande hud, eller ha eit skjult hudsnitt på framsida av øyra kor hud ikkje blir fjerna. Øyrebrusken blir slipt og ein syr slik at det blir danna ei krumming på framsida av øyra, som ofte er manglande hos desse pasientane. Til slutt blir det lagt ein relativt stram bandasje rundt hovudet som skal halde øyrene inn til hovudet og hindre bløding etter inngrepet.
Operasjonen tar omlag 45 minuttar for kvart øyre.
Det oppstår sjeldan komplikasjonar etter eit slikt inngrep. Ver likevel merksam på:
Ventetid: 26 - 78 uker
Kontakt Øre-nese-halsØNH-poliklinikk, 1. etasje ved Haugesund sjukehus.
Eigen inngang frå Karmsundgata eller følgj koridoren austover frå hovudresepsjonen.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund