Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Væskesamling i testikkelen

Væskesamling i testikkelen (hydrocele testis eller vassbrokk) er ein tilstand med væskesamling rundt testikkelstrengen og sjølve testikkelen, altså i pungen. Tilstanden er ufarleg, men kan bli plagsam på grunn av trykk og tyngdekjensle i pungen.

Årsaker

Årsaka til denne sjukdommen er vanlegvis ei medfødd svakheit i bukhinna. Dette medfører at det siv væske ned i pungen frå bukhola. Vassbrokket kan også i nokre tilfelle – hos vaksne menn – vere ein komplikasjon som følgje av lokale lidingar i pungen eller andre sjukdommar som hjartesvikt, skrumplever eller svulstar i mageregionen.

Diagnosen vil stillast på bakgrunn av dei typiske funna ein gjer ved undersøkinga. Legen kan gjennomlyse pungen med lommelykt. Ein vil då sjå at pungen er fylt med væske – han er gjennomskinneleg. Ultralyd kan gjennomførast hos yngre menn for å utelukke testikkelkreft. I tvilstilfelle vil ei tømming av vassbrokket ved å stikke inn ein sprøytespiss og suge ut (aspirere) innhaldet, gi diagnosen.

Kva er langtidsutsiktene?

Volumet av vassbrokket aukar gradvis, det stabiliserer seg i ein viss storleik, men går sjeldan tilbake av seg sjølv. Når plagene er små, er det ikkje nødvendig med behandling. Prognosen er god både med og utan behandling. Dersom ein finn årsaka til væskedanninga hos vaksne med denne lidinga, vil behandlinga rette seg mot denne.

Før

Behandling kan vere nødvendig for å redusere ubehaget på grunn av aukande volum og tyngd. Dersom hevelsen blir uttalt, kan trykket bli så stort at testikkelen blir skadd, men dette skjer sjeldan. Tapping med nål gir berre kortvarig lindring av plagene fordi vassbrokket i dei fleste tilfelle kjem igjen. Denne behandlinga kan gjentakast inntil tre gonger.

Operasjon

Det er vanleg å operere denne sjukdommen. I dei fleste tilfelle kan operasjon skje som dagkirurgi, det vil seie utan overnatting i sjukehus.

Førebuing til operasjon

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før



Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. 

Fjerning av ringar/smykkar/piercing må du gjere før du kjem. Er dei vanskeleg å få fjerna kan du risikere at dei blir klipte. Det er lurt å ordne dette i god tid før operasjonen.

Grundig dusj med hårvask blir gjord heime operasjonsdagen. Ikkje påfør hudkrem/lotion eller sminke etter at du har dusja.

Under

Sjølve operasjonen blir utført i narkose eller spinalbedøving. Operasjonen varer under ein halv time. Via eit snitt i huda blir væska tømd ut og hinna blir opna og fjerna. Deretter blir huda lukka med tråd som forsvinn av seg sjølv i løpet av 2 – 4 veker.

Etter

Du bør vente med trening og tungt arbeid til såret er grodd etter cirka 14 dagar. Du kan dusje dagen etter operasjonen.

Ver merksam

Komplikasjonar

Vanlegaste komplikasjon er bløding som kan føre til stor hevelse i pungen og blåleg misfarging. Det er sjeldan nødvendig med ny operasjon eller tapping, men det kan gå veker før desse forandringane forsvinn.

Infeksjon i såret kan førekomme. I nokre tilfelle må såret opnast og puss tømmast ut. Ofte blir det gitt antibiotikakur ved mistanke om infeksjon. Spesielt ved stor hevelse i pungen kan det vere lindrande å bruke suspensorium (pungbelte) for å unngå sterkt drag på testikkelen.

Kontakt sjukehuset dersom det oppstår komplikasjonar etter operasjonen.

Sist faglig oppdatert 06.11.2025

Kontakt

Stord sjukehus Dagkirurgi Stord
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Dagkirurgi Stord

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Ikke oppdatert ventetid for dagbehandling

Ikke oppdatert ventetid for innleggelse

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.