Det er viktig med god hygiene før operasjonen, for å førebyggje infeksjon. Barnet bør derfor dusje på operasjonsdagen. Trekk forhuda tilbake så godt det lèt seg gjere, for god reingjering.
Væskeansamling rundt testikkelen hos barn (vannbrokk)
Væskesamling rundt éin eller begge testiklane er i utgangspunktet ein ufarleg tilstand, men kan gi ubehag hos barn dersom vassbrokket blir stort. Det blir som oftast oppdaga hos spedbarn, og forsvinn før 3-årsalderen utan behandling.
Mellom magen (bukhola) og pungen er det ein tynn kanal som normalt lukkar seg like før eller etter fødselen, men som hos nokon held fram med å vere open. Då kan det sive væske ned i pungen frå bukhola som legg seg ved sida av testiklane. Som oftast gir ikkje vassbrokk plager, men det kan vere aktuelt med operasjon ved ubehag eller skjemmande forandringar. Ein opererer nesten aldri før 3 års alder, og operasjonen blir då gjord dagkirurgisk.
Før
Under
Operasjon av vassbrokk blir gjord på ulike måtar, blant anna avhengig av alderen på barnet. Hos dei små barna går vi vanlegvis inn med eit lite snitt i lysken og finn kanalen frå bukhola som blir stengd av (blir underbundne) og delte, før vi tømmer vassbrokket.
Hos dei større barna finn vi ikkje alltid ein tilsvarande kanal, og vi fjernar derfor den væskefylte utposinga i pungen. Vi går anten gjennom eit snitt i lysken eller med eit lite snitt i pungen. Såret blir lukka med tråd i huda. Vi bruker tråd som løyser seg opp sjølv og set klistrelappar (steristrips) over, som også er med på å halde såret fint saman.
Etter
Det kan blir noko hevelse i pungen og lysken etter operasjonen, men dette forsvinn etter kvart.
Intimstell
God hygiene er viktig for å unngå betennelse. Barnet kan dusje dagen etter operasjonen, men bør vente 3–4 dagar med å bade i badekar. Dersom barnet har bandasje, kan denne takast av og eventuelt skiftast etter bading. Steristrips kan sitje på til dei fell av. Bandasjen skal skiftast så lenge det siv sårvæske frå såret, og kan fjernast etter 8–10 dagar.
Smertestillande
Dersom barnet har smerter etter operasjonen, kan det få Paracetamol etter dosering på pakken. Ved allergi bør du kontakte lege.
Barnet kan sjølv bestemme fysisk aktivitet, men bør til dømes ikkje sykle. For nokre barn kan det vere greitt å vere borte frå skulen/barnehagen eit par dagar, og for skulebarn kan det vere aktuelt med 3–4 veker fri frå gymnastikk.
Ver merksam
Dersom barnet får aukande hevelse, smerte, raudt sår og/eller feber, må de kontakte lege. Som regel kan de kontakte avdelinga på sjukehuset som barnet blei skrive ut frå, alternativt fastlegen eller legevakt.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Urologisk avdeling
Oppmøtestad
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund