- Adresseliste BU.2023 - 2025(PDF, 424 KB)
- Brukerregistrering brukerressurs - Organiserte(PDF, 346 KB)
- Henvendelse til brukere som ikke er organisert(PDF, 266 KB)
- Honorarskjema Brukerrepresentant(DOCX, 25 KB)
- Honorarskjema Brukerrepresentant PDF(PDF, 39 KB)
- Kontrakt mellom brukar og Helse Fonna(DOCX, 70 KB)
- Kontrakt mellom brukar og Helse Fonna 2023(PDF, 185 KB)
- Prosedyre ressursbank(PDF, 64 KB)
- Retningslinjer for brukermedvirkning 25.11.22(PDF, 925 KB)
- Søknad om tapt arbeidsforteneste ved brukarmedverknad(PDF, 371 KB)
Brukarbank
Ein brukarbank er ei oversikt over personar som bidrar med erfaringskompetanse i prosjekt, forsking, nettverk og andre fora der brukarar bør vere representerte. Brukarbanken skal også gi en oversikt over likepersontenesta i Helse Fonna.
Kvifor har vi ein brukarbank?
Pasienten skal styrkast. I pasientens helseteneste er pasient og helsepersonell likeverdige samarbeidspartar. Det inneber blant anna at pasientar og pårørande skal vere delaktige i utforming av helsetenesta (Nasjonal helse og sykehusplan 2016-2019).
Helse Fonna HF og FOUSAM vil derfor legge til rette for at erfaringskunnskap skal inkluderast, og har saman med Brukarutvalet eit stort behov for å få oversikt over kompetente og engasjerte pasientar/pårørande. Oppdrag som brukar blir honorert.
Slik fungerer det
Seks personar som jobbar i Helse Fonna og FOUSAM vil ha tilgang til Brukarbanken. Instansar som har behov for brukarrepresentantar kan ta kontakt med ein av disse seks for kontaktinformasjon til aktuelle brukarar som dei då sjølv tar kontakt med.
Den som er ansvarleg for prosjekt/utval/arbeidsgruppe skriv kontrakt med, følgjer opp og honorerer brukarrepresentanten, i tråd med gjeldande retningslinje. Representasjon blir meldt sekretær for Brukarutvalet (samhandlingskoordinator i Helse Fonna) som har oversikt over brukarrepresentantar som skal rapportere til Brukarutvalet.
Interessert?
Vil du vere med i brukarbanken? Bruk skjema "Brukarregistrering" i oversikta under og send til
brukarbank@helse-fonna.no. Du kan også sende ein førespurnad i brevs form til Samhandlingskoordinator i Helse Fonna HF, Post boks 2170, 5504 Haugesund.