Difor er det viktig at du møter opp til timen din

Har du fått ein time på sjukehuset, er det viktig at du møter til denne. Det er det fleire årsaker til. Den viktigaste er kanskje omsynet til dine medpasientar.

Publisert 15.02.2023
Sist oppdatert 20.02.2023

Helsesekretærane bruker mykje tid på å flytte timar, både dei som er melde i god tid og dei som ynskjer endring tett opp mot timen.

Ein typisk timeavtale for ein lungepasient involverer mange fagfolk: Ein bioingeniør som skal ta blodprøve, to ulike fagfolk som tar pusteprøver, ein lege og gjerne også ein avtale om røntgen.

Det blir gjort mykje arbeid for å koordinere personell og undersøkingar til ulike konsultasjonar ved sjukehuset. Når pasienten ikkje møter til timen er det ofte slik at fleire, ikkje berre ein, av medarbeidarane våre ikkje får brukt tida si til det beste for pasientane.

Foto av helsepersonell ved lungeavdelinga i Haugesund.

Mange involverte: Nokre av medarbeidarane som ventar på deg dersom du ikkje møter opp til timen din på lungeavdelinga. F.v.: Nina Monclair Jackman (helsekoordinator), Trude Fjeld (funksjonsleiar hjertepoliklinikk), Vilde Bjelland (helsesekretær), Eyob Debretsen Tesfamariam​ (bioingeniør), Magda-Lovise Tendal Steiro (spesialsjukepleiar, lungepost), Sverre Fluge (seksjonsoverlege, lunge) og Hans Olav Mannes (overlege, lunge). Foto: Eirik Dankel

​Helsesekretærane bruker mykje tid på å flytte timar, både dei som er meldt i god tid og dei som ynskjer endring tett opp mot timen. Nokre poliklinikkar må  replanlegge over 30 prosent av timane sine. Dette er svært arbeidskrevjande. Nokre undersøkingar krev også førebuing (f.eks. faste). Når ein time blir avlyst på kort varsel, er det ikkje alltid enkelt å få ein ny pasient klar til å stille.

– Helse Fonna hadde om lag 250.000 pasientkonsultasjonar i 2022, og meir enn 96 prosent av alle avtalane vert gjennomførte som planlagt. Det er veldig bra, understrekar fagdirektør i Helse Fonna, Andreas Andreassen.

​Auka gebyr

Men det betyr også at 3,7 prosent av pasientane møter ikkje opp til timen sin. Det er dyrt, både for oss og for dei. For ved årsskiftet auka gebyret for ikkje møtt til time, frå 1125 til 1500 kroner. Gebyret er fastsett på sentralt hald, og ein del av årsaka til den store auken er at mange ikkje møter opp til timane sine, i heile helse-Noreg.

–​ Sjukehuset prøver å halde på timane slik dei er sett opp, men må i nokre tilfelle flytte på dei. Pasientar kan også ha gode grunnar til å be om å få endra tidspunkt for konsultasjon, men det er viktig at ein avtale på sjukehuset vert høgt prioritert. Då kan vi saman gjere køen litt mindre og ventetida litt kortare, seier Andreassen .

 

Foto av fagdirektør Andreas Andreassen.

Nøgd: Fagdirektør Andreas Andreassen er nøgd med at over 96 prosent av alle pasientar møter opp til timen sin. Men han skulle gjerne sett at oppmøteprosenten var endå høgare. Foto: Stina Steingildra