Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ofte stilte spørsmål om eBehandling

Sjå våre svar på ein del ofte stilte spørsmål som vi får om eBehandling.

Er eBehandling eit tilbod for alle?

Som utgangspunkt kan alle over 18 år med panikkliding, sosial angst eller depresjon søke om behandling i eBehandling. Behandlinga føregår på internett, men du treng ikkje høg teknisk kompetanse for å delta. 

Klarar du å betale rekningar på nett, har du tilstrekkeleg internettkunnskap for å starte denne behandlinga. Utover dette krevjer behandlinga at du deltek aktivt gjennom å gjere øvingar. Du held kontakten med behandlaren din gjennom å skrive meldingar inne i behandlingsprogrammet. 

eBehandling er ikkje eigna for deg som er i ein krisesituasjon eller har akutte behov, for eksempel dersom du er i sjølvmordsfare.

Ring legevakten på 116 117 for øyeblikkelig hjelp - Helsenorge

Kven er ikkje i målgruppa til eBehandling?

På noverande tidspunkt tilbyr vi ikkje behandling for andre angstlidingar enn sosial fobi og panikkliding. Det vil seie at vi ikkje tilbyr behandling for helseangst, generalisert angst, tvangsliding, OCD eller PTSD.

Kan eg møte opp fysisk til vurderingssamtalen hos eBehandling?

Før oppstart i behandlinga blir alle kalla inn til ein videosamtale hos eBehandling, der vi saman vurderar om dette vil vere eit eigna behandlingsprogram for deg. Dersom du ynskjer det, kan denne samtalen også skje via oppmøte hos eBehandling i lokala våre.

Kor lang er ventetida til eBehandling?

eBehandling tilstreber kort ventetid. Målet vårt er at du vil bli innkalt til vurderingssamtale innan tre veker. I nokre perioder kan det vere lengre ventetid. Det er ikkje ventetid på sjølve behandlinga. Dersom du etter vurderingssamtale får tilbod om eBehandling, kan du starte opp same dag.

Eg ynskjer gjerne samtaler ansikt til ansikt med ein behandlar. Kan eg få dette i eBehandling?

eBehandling tilbyr behandling via internett. Vi tilbyr ikkje ansikt til ansikt samtalar. 

eBehandling er kunnskapsbasert digital behandling til pasientar i spesialisthelsetenesta. Behandlinga tilbys via ein digital plattform, og du får oppfølging skriftleg av ein av våre behandlarar. Inne i behandlingsprogrammet vil du lese tekst, sjå videoar og gjere øvingar som kan hjelpe deg. 

Eg er litt dårleg på det tekniske, er det eit problem?

Vi brukar å seie at dersom du klarar å betale rekningar på nett, har du tilstrekkelege datakunnskapar til å motta eBehandling. Dersom du opplev problem med det tekniske vil vi forsøke å hjelpe deg vidare så godt vi kan. 

Eg får ikkje fri på det tidspunktet eg er innkalt til vurderingssamtale. Kva gjer eg?

eBehandling er ein del av spesialisthelsetenesta og tilbyr faste konsultasjonstider på kvardagar. Samtalane blir haldne i tidsrommet 9-15. Det betyr at du må vere tilgjengeleg på eit tidspunkt innafor denne tida, dersom du ynskjer å bli vurdert
for eBehandling.

Dersom du får tilbod om å starte med eBehandling, kan du jobbe med behandlinga når det passar for deg.

Kan eg få eit nytt tidspunkt for vurderingssamtale?

Kontakt oss ved ønske om nytt tidspunkt, så vil vi imøtekome dette.

Kor mykje kostar behandlinga i eBehandling?

Du betalar eigendel opp mot frikortgrensa for vurderingstimen i forkant av behandlinga, evalueringssamtale undervegs og for avslutningssamtalen når du er ferdig med behandlingsprogrammet. Det vil også vere eigendel på eventuelle andre samtalar eller telefonkontaktar du har med behandlaren din undervegs. Utover dette er behandlinga kostnadsfri.

Sist oppdatert 28.05.2026