Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
ECT-behandling

Elektrokonvulsiv terapi (ECT)

Elektrokonvulsiv terapi (ECT) er ein trygg, effektiv og godt etablert behandling ved alvorlege depresjonar. Ved ECT blir eit krampeanfall utløyst ved å gi ei kontrollert mengde straum gjennom elektrodar plassert på hovudet. Behandlinga skjer i narkose og med muskelavslappande midlar.

Elektrokonvulsiv terapi blir særleg brukt når psykologisk behandling eller behandling med medikament ikkje har vore tilstrekkeleg, eller når behandling med medikament ikkje er anbefalt, for eksempel på grunn av plagsame biverknader. Metoden kan også vere aktuell ved mani, ved alvorleg depresjon med næringsvegring, sjølvmordsfare og vrangførestilling, og ved nokon formar for schizofreni. 

ECT blir ofte gitt i ein serie med fleire behandlingar med nokre dagars mellomrom, der vi avgjer talet på behandlingar ut i frå responsen. Behandlinga er frivillig og blir gtt med ditt samtykke.  

Tilvising og vurdering

ECT er ei behandling som blir gitt i psykisk helsevern. Det er psykiater eller psykologspesialist som vurderer om ECT kan vere ei god behandling for deg. 

Før

Før behandlinga går du gjennom ei generell medisinsk undersøking. Om du har andre sjukdommar som for eksempel hjarte-/lungesjukdom, kan det vere aktuelt å ta ekstra prøver og røntgenundersøkingar. Undersøkingane blir gjorde poliklinisk, eller mens du er innlagd i sjukehuset.

Du får informasjon om behandlinga og om Nasjonalt kvalitetsregister for elektrokonvulsiv terapi. 

ECT blir utført i narkose. Du må derfor faste i 6 timar før ECT. 

 

Under

Sjølve behandlinga varer i nokre minutt. Du blir passa på av helsepersonell før, under og etter behandlinga. Dei fleste ønsker å kvile eit par timar etter ECT-behandling. 

Etter

Biverknader 

ECT kan gi minnevanskar i tida under og etter behandlinga. Grada av minnevanskar kan vere ulik frå person til person. I nokre tilfelle kan det oppstå meir langvarige minneproblem i form av tap av enkelte personlege minne. Desse problema med minne gjeld særleg minne frå vekene og månadene før ECT-behandling.

Oppfølging 

Etter enda behandling er vedlikehaldsbehandling planlagd og førebyggande tiltak for å hindre at du får tilbakefall av den psykiske lidinga. 

Sist faglig oppdatert 29.10.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus

Kontakt Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus

Oppmøtestad

Avdeling for psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, held til i 1. etasje.

Biologiske behandlingsformer (BBF) held til i 2. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen opp og følg skilting til ECT/TMS poliklinikk. Opningstider (telefontider) er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Pårørande og besøk

Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

Ein stor bygning omringa av mange hus

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30