Informasjonssikkerheit

Frårår bruk av TikTok og Telegram

TikTok og Telegram bør ikkje installerast på tenestetelefonar. Regionalt informasjonssikkerheitsutval tilrår at vi følgjer NSM sine konklusjonar for bruk, også i Helse Fonna.

Publisert 24.03.2023
Sist oppdatert 05.04.2023

​– Vi frårår medarbeidarane våre om å installere og bruke appane TikTok og Telegram på mobiltelefonar og andre einingar som er tilknytt, eller har tilgang til, Helse Vest sin digitale infrastruktur eller tenester, seier Ernst Hetland Larsen, som er leiar for informasjonssikkerheit i Helse Fonna. ​

Nasjonal sikkerheitsmyndighet (NSM) har gjort ei vurdering på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet som tilseier at TikTok eller Telegram ikkje bør installerast på tenesteeiningane til offentleg tilsette. Med tenesteeiningar siktar ein til mobiltelefonar, nettbrett eller personlege datamaskiner betalt av arbeidsgivar og som er ein del av den interne digitale infrastrukturen knytt til føretaket eller ulike tenester.

Om det er tenestleg behov for TikTok eller Telegram, tilrår NSM at applikasjonen blir nytta på ei separat eining reserverte for denne typen formål, og som ikkje får tilgang til dei interne systema i verksemda.

– Justis- og beredskapsdepartementet har råda frå at politikarar og tilsette i departementa og underliggjande verksemder har applikasjonane TikTok og Telegram på tenesteeiningar. Det er naturleg at vi legg oss på same linje som regjeringa og offentlege verksemder som har gjort det same, seier Ernst Hetland Larsen. 

Vi oppmodar medarbeidarane våre om å fjerne TikTok og Telegram frå alle einingar som er eigd av Helse Vest, men også på andre måtar er knytt til helseføretaka sine interne, digitale tenester. Det gjeld viss det er installert TikTok anten det er på jobbtelefon eller privat, som er kopla opp mot, til dømes, e-postkontoen deira på jobb.​