
Logopeden: når språket forsvinn
Når ein nevrologisk tilstand har tatt frå nokon språket, er det logopedane som kan hjelpe med å bygge nye nervebaner.

Når ein nevrologisk tilstand har tatt frå nokon språket, er det logopedane som kan hjelpe med å bygge nye nervebaner.
Jobbar ikkje logopedar med barn og talevansker?
Joda, mange logopedar gjer det. Men på sjukehusa jobbar dei med heilt andre pasientar og heilt andre vanskar.
Logopedane har ekspertkunnskap som er viktig når ein pasient har mista språket grunna ein skade på hjernen.

– Vi skal hjelpe dei med å stimulere hjernen til å bygge nye nervebaner og rehabilitere noko av det som er tapt. Alle har eit unikt nervesystem, så vi må bli kjent med pasientane for å finne ut kva dei har utbytte av, forklarar Eline Aaland.
Hjerneslag er ein vanleg årsak til å trenge logopedhjelp. Men Eline og kollegaene, Amalie Grændsen Ellegård og Katarina Kellokumpu Fluge, jobbar også med fleire andre pasientgrupper.
Fellesnemnaren er ein nevrologisk sjukdom som påverkar språket eller svelgfunksjonen.
Nokre pasientar er planlagde – som rehabiliteringspasientane til Eline og Amalie på Stord sjukehus, eller poliklinikkpasientane til Katarina på Haugesund sjukehus. Men det kjem også fortløpande henvisningar.
Det gjer arbeidsdagane varierte.

Det kan faktisk skje at behovet for logoped snur frå ein dag til den neste.
– Eg har opplevd at pasientar kjem og tilsynelatande har masse vanskar. Men så neste dag, puff så er det vekke. Og så går dei ut herifrå, heilt utan språkvanskar, fortel Katarina.

Andre gonger kjem det ekstra tydeleg fram korleis dei ulike nervebanane påverkar språket.
– Det er fasinerande når du får pasientar som har mista språket heilt, men dei kan synge ein song dei alltid har kunna – då fungerer det plutseleg, seier Amalie.
Heilt ferske i faget, etter den toårige masteren i logopedi, starta alle tre logopedkarrierane sine på Stord sjukehus.
For å ta masteren må du ha ein relevant bachelor eller tilsvarande. Men kva er relevant?
Ganske mykje.
Blant anna pedagogikk, lærarutdanning/barnehagelærarutdanning, ei rekkje helsefag, psykologi og lingvistikk.
Eline og Katarina har sistnemnde. Amalie er spesialpedagog.

– Det er veldig sårbart å miste språket, vi ser korleis det påverkar pasientane og pårørande, forklarar Katarina.
Pasientane får hjelp til å kunne kommunisere, utrykke behov, tankar og følelsar. Eller dei kan gå frå å få mat gjennom sonde til å kunne svelge og ete igjen på eiga hand.
– Vi får vere med på betring og framgang. Det er givande å sjå at jobben vi gjer betyr så mykje for pasientane, seier Amalie.
Framgangen blir ekstra tydeleg når det unike ved språket byrjar å komme fram igjen.
– Det er så kjekt når du høyrer dialekta og særprega komme tilbake.
– Den passer for alle som liker å jobbe med menneske, men du må tørre å møte folk i ulike livsfasar. Det er ikkje alle vi kan rehabilitere, men vi jobbar alltid med å kompensere for eit verdig liv vidare, seier Amalie.
– Det kan vere tøft i starten, men du blir vant til det over tid. Denne jobben er absolutt noko eg vil anbefale til dei som vil jobbe på sjukehus, understrekar Eline.
Det er både ein strukturert og variert jobb som betyr mykje i kvardagen til dei du møter.
– Du får jobbe med noko som er kjempenyttig for pasientane, utan å vere sjukepleiar – så du slepp å sette sprøyter og slikt. Det er ein annan måte å jobbe på, eg trivst veldig, seier Amalie.
Både Eline og Amalie kom rett frå skulebenken til logopedjobben.
Katarina derimot, jobba nokre år i helsevesenet før ho skjønte at interessa hennar for språk kunne nyttast på same arbeidsplass – men med heilt andre oppgåver.
– Før tenkte eg at det var dei ekstroverte som passa inn i denne jobben. Eg er jo ikkje den mest sosiale personen, men eg likar å møte pasientane, høyre dei, observere og vere med å bidra til framgang. Eg føler logopedjobben kan passe mange ulike personar – så lenge du har interesse for faget, det språklege og menneske.