Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lønnsansiennitet

Når du blir tilsett i Helse Fonna, må vi ha dokumentasjon på tidlegare arbeidserfaring for å kunne berekne lønnsansienniteten din.

Du må fylle ut eit ansiennitetsskjema og sende det saman med arbeidsattestane dine via VestDialog.

Slik sender du inn dokumentasjonen

  1. Last ned ansiennitetsskjemaet
  2. Fyll ut skjemaet og lagre det på PC-en din
  3. Finn fram arbeidsattestane dine
  4. Logg inn i VestDialog og last opp skjemaet og attestane
  5. Kontroller opplysningane og send inn

Hugs å sende skjemaet og alle attestane samla.

Korleis blir lønnsansienniteten berekna?

Les meir om kva som blir rekna med når vi fastset lønnsansienniteten din:

Berekning av lønnsansiennitet i Helse Fonna

Kva er VestDialog?

VestDialog er ei sikker teneste der du kan sende dokument til Helse Fonna. Du loggar inn med elektronisk ID, for eksempel BankID.

Les meir om VestDialog og korleis du bruker tenesta

Sist oppdatert 16.11.2026