Ny i Helse Fonna
Som ny medarbeidar vil du bli teken godt imot av leiar og kollegaer. Dei vil hjelpe deg i gang slik at du får ein god start i den nye jobben.
Første arbeidsdag
På den første arbeidsdagen din må du registrer følgjande opplysningar i personalsystemet:
- Kontonummer
- Telefonnummer
- Namn og kontaktinformasjon til næraste pårørande
- Barn (med fødselsdato)
- Eventuelle andre arbeidsforhold
Du har sjølv ansvar for å halde personopplysningane dine oppdaterte gjennom heile arbeidsforholdet.
Praktisk informasjon
Parkering for tilsette
På sjukehusa i Haugesund og på Stord kan tilsette be om abonnement på parkering til ein fast månadspris. Kvart sjukehus har eigne reglar for parking.
Parkering for tilsette ved Haugesund sjukehus - Helse Fonna HF
Ta kontakt med leiaren din dersom du ønskjer meir informasjon om parkeringsordninga.
Garderobe
ID-kortet ditt gir deg tilgang til garderobar og omkledningsrom. Du får tildelt eit skap.
ID-kort for tilsette
Alle tilsettte skal ha eit ID-kort. Kortet blir brukt både som legitimasjon og for tilgang til bygg og digitale system.
Slik får du ID-kort:
- Fyll ut skjemaet for ID-kort
- Lever skjemaet til ID-kontoret
- Du blir fotografert og får utdelt kortet på ID-kontoret
Tilgang til PC
Leiaren din bestiller dei nødvendige tilgangane du treng for å logge inn på PC og bruke dei digitale systema du skal arbeide med.