Fysioterapeutane sparte tusenvis av legetimar
Terapeutavdelinga (fysioterapi) på Haugesund sjukehus, i samarbeid med ortopedisk avdeling har sidan 2012 jobba med oppgåvedeling frå lege til fysioterapeut.
Fysioterapeutane fekk ansvar for postoperative kontrollar etter elektive hofte- og kneprotesar. Oppgåvedelinga har frigjort store legeressursar på bortimot 2000 timar.
Oppgåvedeling blei fordel for dei nyfødde
Føde-barsel eining på Haugesund sjukehus opplevde store fordelar av at barnepleiarane tok over blodprøvetaking av nyfødde. No slepp dei å vente på lab.
Før kunne dei stå i situasjonar der mor måtte avbryte amminga, eller at mor og barn måtte ligge unødvendig lenge og vente på å ta prøver.
– No har vi meir kontroll og er ikkje avhengige av lab. Det er heilt fantastisk, seier barnepleiar Gjertrud Martine Vinje Fagerland.
Var skeptiske til langvakter, no ser dei store fordelar
Lista på avdelingar i Helse Fonna som har tatt i bruk langvakter blir lengre og lengre. Akuttmottak på Stord sjukehus er ein av avdelingane som ser store fordelar med slike vakter.
– Eg føler no har eg fått meir ro i vakta, seier sjukepleiar Berit Agasøster.
– Og det har utan tvil gjort noko med sjukefråværet. Det har gått ned, legg kollega Tone Wilhelmsen til.
Men før dei starta med langvakter var det skepsis på mottaket.
– Vi hadde aldri trudd at det skulle gå, seier Agasøster og flirar.
– Eg fekk høyre at «dette kjem ikkje til å funke her», seier Anne Møklebust, funksjonsleiar pleie ved akuttmottak Stord.
Men dei fekk sett i gong etter at Møklebust laga ei oversikt og understreka for alle at langvakter ikkje ville bli permanent om dei mislikte det.
– Mange tenker at du skal ha like mange vakter, men jobbe lenger. Når du ser oversikta skjønar du at det ikkje blir slik, det er eit bra opplegg.
Fordelar med langvakter:
- Lengre friperiodar som gir meir fritid.
- Meir ro i vakta, fordi oppgåvene kan fordelast utover ei lengre vakt.
- Betre pasientflyt og meir kontinuitet i behandlinga.
- Mindre overtid i etterkant av vakt.
- Meir tilfredse medarbeidarar.
- Færre vakter i veka for den enkelte tilsette.
- Færre vaktskift betyr mindre tid på rapport og administrasjon.