Velferdsordningar og fordelar for tilsette
Som tilsett i Helse Fonna har du tilgang til fleire velferdstilbod, rabattavtalar og sosiale aktivitetar. Her finn du ei oversikt over fordelane du kan bruke både på og utanfor jobb.
Trening og fysisk aktivitet
Få inntil 600 kroner i året til trening.
Helse Fonna gir eit tilskot på 50 kroner per månad til medarbeidarar som har medlemskap ved eit treningssenter.
Du betaler medlemskapet sjølv og søker om refusjon innan 1. desember kvart år. Du må leggje ved dokumentasjon på treningsavtalen. Tilskotet er skattepliktig.
Rabattavtalar for tilsette
Som medarbeidar i Helse Fonna kan du få rabatt på varer og tenester hos fleire leverandørar.
20 prosent rabatt hos Sjukehusapoteka
Alle tilsette i Helse Fonna får 20 prosent rabatt på apotekvarer hos Sjukehusapoteka. Vis gyldig tilsett-ID når du handlar.
Dekk Haugesund – inntil 45 prosent rabatt
Dekk Haugesund tilbyr tilsette i Helse Fonna inntil 45 prosent rabatt på rettleiande prisar på dekk frå dei fleste merke.
Vis gyldig tilsett-ID for å bruke tilbodet.
Adresse: Ekrene næringspark 17, 5550 Sveio
Telefon: 52 73 63 60 / 46 93 68 04
Hytte og fritidstilbod
Treng du eit avbrekk frå kvardagen? Som tilsett i Helse Fonna kan du leige Svartatjødno-hytta til eigen pris.
Hytta ligg 329 meter over havet og er utstyrt med mellom anna kjøkkenutstyr, dyner, puter og vedomn.
Pris for tilsette: 1 000 kroner per natt.
Du bestiller hytta gjennom sentralbordet ved Valen sjukehus på telefon 53 46 64 41 eller 53 46 64 42 på kvardagar mellom kl. 08.00 og 15.00.
Bustadtilbod for tilsette
Helse Fonna har leilegheiter, hyblar og rom i Haugesund, Stord, Odda og Valen som kan leigast av tilsette, vikarar og innleigde medarbeidarar.
Tilbodet varierer mellom arbeidsstadene. Før du søkjer, må du gjere deg kjend med prisar og retningslinjer for leige.
Kontakt Boligkontoret:
Hovudresepsjon Haugesund sjukehus
Kamsundgata 120
5504 Haugesund
Telefon: 476 75 655
E-post: forvaltning@helse-fonna.no
Låneordningar gjennom KLP
Som tilsett i Helse Fonna og medlem av KLP får du tilgang til gunstige låneordningar, mellom anna bustadlån.
På nettsida til KLP finn du informasjon om gjeldande vilkår, renter og korleis du søkjer.