Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Koordinerande eining (KE) i Helse Fonna HF er organisert i Samhandlingseininga. Rådgivarstillinga i eininga fungerer som bindeledd til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest.

​​

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering  ​

 

Eininga har ein sentral funksjon i tilrettelegging for betre samarbeid mellom fagpersonar i spesialisthelsetenesta, kommunar, pasientar og pårørande. Eit særleg fokus er arbeid for koordinerte tenester gjennom pasientforløpet og tilbod om individuell plan.

Koordinerande eining i kvart helseføretak har ansvar for å:

  • ha ei generell oversikt over tiltak innan habilitering og rehabilitering i helseregionen

  • bidra til å sikra heilskaplege tilbod til pasientar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering

  • ha oversikt over og nødvendig kontakt med verksemder innan habilitering og rehabilitering i kommunane

  • ha overordna ansvar for individuell plan som inneber:

  • ta imot meldingar om behov for individuell plan

  • syte for at det blir utarbeidd rutinar og prosedyrar for arbeid med individuell plan

  • ha overordna ansvar for oppnemning, opplæring og vegleiing av koordinator i pasientforløpet i spesialisthelsetenesta

Oppgåvene er forankra i Lov om spesialisthelsetjenesten, Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester og i Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern

Kontakt 

Kjersti Haugen, Koordinerande eining Helse Fonna 

Send ein e-post​


Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest. 

Rehabiliteringstelefonen​ er en landsdekkende telefonteneste som gir informasjon, råd og rettledning om habilitering-og rehabiliteringtenester til pasienter, pårørande og helsepersonell​

Ring grønt nummer (gratis frå fasttelefon) for informasjon om habilitering og rehabilitering: 800 300 61

Telefontider er måndag til fredag, klokka 9.00-15.00.

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Kontaktpersonar i kommunane:

Kontaktinformasjon i kommunane

 
 
Kontaktpersonar i fagavdelingar rehabilitering og habilitering i Helse Fonna HF

Kontaktperson på Haugesund sjukehus: 

Karianne Brynjelsen, avdelingsleiar Habilitering
Tlf: 52 73 29 40 E-post: kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.no​ 
Adresse: post 2170, 5504 Haugesund

Kontaktperson på Odda sjukehus:

Inga Baltaduonyte, fysioterapeut. Tlf:  53 65 12 23
E-post: inga.baltaduonyte@helse-fonna.no   

Kontaktperson på Stord sjukehus:

Marianne Hollund Espeland, avdelingsleiar, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Tlf: 53 49 12 70 / 95 234 329
E-post: marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no

Pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP).

Uavhengig av om du ønskjer ein individuell plan, skal brukarar med behov for koordinerte jenester få tilbud om koordinator i spesialisthelsetenesta og/eller kommunen.

Last ned mal for Individuell Plan

Film om individuell plan og koordinator (Helsedirektoratet)

Informasjonsbrosjyre om individuell plan (Helsedirektoratet)

For medarbeiderar i spesialisthelsetenesta og kommunane

Helsedirektoratet har utarbeida eit e-læringskurs som omhandlar individuell plan og bruk av koordinator.

Du kan ta kurset her eller bruk Læringsportalen om du ønskjer å få registrert at du har gjennomført.

e-læringskurs om individuell plan og koordinator (Helsedirektoratet)

e-læringskurs om individuell plan (Helsekompetanse)

For medarbeiderar i spesialisthelsetenesta

Retningslinje for individuell plan og prosedyre for koordinator finn du i e-håndboka.

Det e​r etablert eit kontak​tnettverk for koordinerande einingar (KE) for habilitering og rehabilitering i kommunane og Helse Fonna.

​​​​​​​​​Ulike aktivitetar som felles fagdagar, prosjektarbeid og arrangement i samband med ReHabiliteringsuka vert invitert til under fanenamnet Møteplassen.

Gjennom samarbeid med Regional koordinerande eining i Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering er det utarbeida felles retningslinjer for helseføretaka i Helse Vest, med tilpasningar gjort i eige føretak Mandat Møteplassen

Mandat Møteplasssen (PDF)

Arbeidsutvalget

Medlemmer av arbeidsutvalget i Helse Fonna regionen :

Kommunale representanter

  • Trine Sørensen - Vindafjord kommune
  • Else Berit Bøe- Haugesund kommune
  • Camilla Midttveit- Karmøy kommune
  • Ingvild Lutro- Ullensvang kommune
  • - Bømlo kommune

Representanter fra foretaket

  • Agneta L. Gard– avdelingsleder terapeuttjenester
  • Tine Marlen Waller – HAVO
  • Marianne Espeland- AFMR
  • Inga Baltaduonyte – fysioterapeut
  • Kjersti Haugen – koordinerende enhet


 

Sist oppdatert 09.10.2023