Mange vil bli HR-direktør

Det melde seg 16 søkjarar til stillinga som HR-direktør i Helse Fonna.

Publisert 16.06.2023

Søknadsfristen for den utlyste HR-direktørstillinga i Helse Fonna gjekk ut denne veka, og det melde seg 16 søkjarar.

Noverande HR-direktør Helga Stautland Onarheim har hatt stillinga heilt sidan Helse Fonna og føretaksmodellen vart oppretta i 2002, og er den med lengst fartstid i toppleiargruppa i føretaket. Ho går av med pensjon i løpet av hausten.

Administrerande direktør Anders Hovland er godt nøgd med søkjarlista.

Vi har fått mange svært kompetente søkjarar. Det er flott å sjå at Helse Fonna er ein så attraktiv arbeidsplass, og at det er mange som ynskjer å ta den viktige jobben med å vidareutvikle HR-området. Dette handlar om vår viktigaste ressurs, nemleg medarbeidarane, seier Hovland.

Hovland håpar å kome i mål med tilsetjingsprosessen innan utgangen av juni.

Se heile søkjerlista til HR-direktør her:

Reinertsen, JarleAvdelingslederHaugesund
Åsbø, Aud Marit Hjartnes ÅsbøSpesialrådgiver, HR-juristHaugesund
Meland, MortenPersonalsjefHaugesund
Dahle, Kristin MarieKommunalsjefTysvær
Eldøy, ÅsaAvdelingslederStord
Øritzland, Anne MargretheAvdelingslederHaugesund
Knutsen, KlaudiaMiljøarbeidveilederTysvær
Jensen, ThomasSeksjonslederHaugesund
Huse, Aslaug SkimmelandAvdelingslederBømlo
Heggland, Ingrid C. AasebøeAvdelingslederTysvær
Unntatt offentlighet (M)

Unntatt offentlighet (K)

Unntatt offentlighet (K)

Unntatt offentlighet (K)