Milliardutbygginga held fram

Utbygginga av Haugesund sjukehus held fram. Dette prosjektet er svært viktig for å sikre eit godt og framtidsretta helsetilbod til alle innbyggjarane.

Publisert 16.05.2023

Hausten 2021 vart nybygget i byggjetrinn 1 opna, til planlagt tid, og utan kostnadssprekk. No er byggorganisasjonen i Helse Fonna, med prosjektdirektør Laila Nemeth i spissen, i full gang med planlegging av byggjetrinn 2. Totalt blir det investert over 3 milliardar kroner ved Haugesund sjukehus i løpet av nokre få år. 

Dette gjev store ringverknader for næringslivet.

Det var Risa AS som hadde grunnentreprisen og Veidekke AS med sine underentreprenørar som hadde totalentreprisen knytt til byggetrinn 1. Mange lokale underentreprenørar og leverandørar var med og bidrog til eit godt sluttresultat. MetierOEC ytte rådgivartenester saman med Momentum Arkitekter og Sweco AS. Sjukehusinnkjøp var med i innkjøp og kontraktutarbeiding.

Skisse-byggetrinn-2-Haugesund-sjukehus.jpg

Mot Karmsundgata: Slik vil det nye bygget sjå ut når det står ferdig i 2028. Haugesund sjukehus blir eit framtidsretta og robust sjukehus for innbyggjarane.

- Vi er glade for at vi no er godt i gang med førebuande arbeid for byggetrinn 2. Utbygginga av Haugesund sjukehus er svært viktig for å skape eit robust sjukehus for innbyggjarane. Sjukehuset ivaretek fleire funksjonar som dekkjer heile Helse Fonna sitt opptaksområde. Byggetrinn 1 har gitt nye lokale til akuttfunksjonane, som til dømes felles akuttmottak, intensiv, operasjon, føde og alle laboratorium. Byggetrinn 2 vil ruste opp sengepostar og poliklinikkar og vil på ein betre måte vere tilrettelagt for å handtere for eksempel pandemiar i framtida. Det vil bli bygd ei eiga infeksjonsavdeling og fleire isolat i alle etasjar. Også barne- og ungdomsavdelinga vil få nye lokale med sengerom tilpassa deira behov og langt betre areal for infeksjonspasientar og for pasientar som har behov for skjerming. Dette er noko vi byggjer for alle innbyggjarane i regionen, seier Nemeth. 

 

Har starta rivearbeidet

I desse dagar er Veidekke i full sving med å rive den gamle austblokka for byggjetrinn 2. Totalentreprisen for nybygg og påbygg trinn 2 er no ute i marknaden og vil starta opp utpå nyåret i 2024. 

 - Bygningsmessig er byggetrinn 2 eit langt enklare bygg enn byggetrinn 1 og fleire store entreprenørar har vist interesse for det som er eitt av dei store viktige prosjekta i regionen. forklarar Nemeth.

 Administrerande direktør Anders Hovland deler Nemeth sin entusiasme om dette store byggjeprosjektet.

 - Gjennomføring av byggjetrinn 2 vil sikre betre drift og tilbod som kjem pasientane i heile regionen til gode. Det bidreg også til betre driftsmodellar, som legg til rette for betre ressursbruk og samhandling i heile føretaket. Dette er eit viktig steg framover for Helse Fonna, slår Hovland fast.

Han håpar og trur at eit slikt prosjekt er interessant for både lokale og nasjonale firma.​​

 - Eg er glad for å høyre at det er interesse for dette viktige prosjektet i regionen. Å sikre gode og framtidsretta sjukehus er eitt av satsingsområda lokalt og nasjonalt, og eg reknar med at mange vil ønske å ha namnet sitt på eit så profilert prosjekt i regionen, seier Hovland.

ByggHaugesund2020 - mars 2023 - foto Eirik Dankel.jpg

 

​ 

 

 ​




 

 


​