Nesten 50 år i Helse Fonna

49 år og 10 månader – smak litt på tala. Laura Lill Haavik har hatt ei lang karriere i Helse Fonna som det står respekt av. No leverer ho stafettpinnen vidare , etter over 30 år som laboratoriemedarbeidar og 16 år som føretakstillitsvald.

Publisert 02.06.2023

​- Laura Lill har som tilsett i Helse Fonna gjort eit viktig samfunnsoppdrag,  frå ho starta i jobben på laboratoriet til innsatsen som tillitsvald. Ho har bidratt til å gjere Helse Fonna til ein betre arbeidsplass for medarbeidarane og dermed også til det betre  for pasientane, som jo er dei vi alle er her for, seier Helga Stautland Onarheim, HR-direktør i Helse Fonna.

Vidare påpeikar ho at Haavik alltid har stilt opp når det har vore behov for det og vore ein viktig støttespelar for medlemmane i Fagforbundet.

- Det betyr mykje for oss som arbeidsgjevar at gode tillitsvalde stiller opp for medlemmane sine. Samtidig har Laura Lill vore eit viktig bindeledd mellom medlemmane og leiinga -  og bidratt til gode beslutningar med sine perspektiv på viktige saksforhold. I meir krevjande saker og prosessar har det vore godt å ha Laura Lill  som støtteperson, og ho har verkeleg gjort ein fantastisk jobb. 

Laura Lill Haavik 2023- Elisabeth Økland_8.jpg
Nesten 50 år:  Laura Lill Haavik kan sjå tilbake på ein lang karriere i Helse Fonna – no ventar ein ny kvardag som pensjonist og nokre velfortente fridagar. Foto: Elisabeth Økland
Laura Lill Haavik 2023- Elisabeth Økland_4.jpg
Gode minne: Siste arbeidsdag etter 49 år gir høve til å sjå tilbake på korleis første arbeidsdag var i 1973 – og alt som har skjedd sidan. Foto: Elisabeth Økland

1.8.1973​

Denne dagen starta Laura Lill sin karriere ved  Haugesund sjukehus og på sentrallaboratoriet som førebels laboratorieassistent. Tysdag 31.5.2023 var det tid for siste arbeidsdag og avskjed med kollegaene.

-Eigentleg er eg sommarvikaren som dykk aldri blei kvitt, seier Laura Lill smilande. Det er tydeleg at ho mimrar tilbake til korleis det heile begynte. I utgangspunktet skulle eg berre jobbe på laboratoriet den sommaren, men så blei det visst nokre år ekstra, kjem det frå ho. Det er særleg ein kollega og samtale som eg hugsar spesielt godt frå då eg var heilt ny i jobben. Det var barnelege Luhr som spurte om eg hadde ein kjæraste og om han var frå Haugesund. Noko eg svarte ja til. – Flott, då blir du her, sa Luhr. Og det hadde han verkeleg rett i!, fortel ho.

*I personalarkivet til Helse Fonna står ho registrert som arbeidstakar frå september 1973, men Haavik arbeidde også  som sommarvikar det året  –  og har vore omkring 50 år i Helse Fonna.

-Arbeidskvardagen den gongen står i stor kontrast til den teknologien og utstyret som vi bruker på «labben» i dag. PÅ den tida  kunne eg sitje  ein heil arbeidsdag med oppgåver som å telje mellom anna  raude og kvite blodlekam i mikroskopi . Det var mykje slikt manuelt arbeid, så det er ingen tvil om at det har vore ei rivande utvikling. Wassermann- nålene som vi brukte til å ta blodprøvar i armen med, var også litt «tjukkare» den gongen, og det var vanleg at vi tok kapillær blodprøve i «øyreflippen». Og ikkje i fingeren til pasienten som er vanleg praksis ved kapillær blodprøvar i dag.

Fortanderinne Fru Steen Hansen, i 1973 var det tittel og namn på fungerande direktør ved Fylkessjukehuset i Haugesund. og vi kjem fram til at Laura Lill til saman har vore tilsett under perioden til  åtte direktørar.

Etter kvart som sommarjobben blei til  år, vart Laura Lill ein allsidig og erfaren laboratoriemedarbeidar. Frå kollegane fekk ho tilbakemelding om at ho var  flink til å koordinere og god til « å få folk med», noko som la grunnlag for ei større funksjonsrolle på avdelinga, som teamleiar og plasstillitsvald.

Vi i Helse Fonna har vore heldige som har hatt ressursterke Haavik tilsett alle desse åra, og det er heller ingen tvil om at ho har vore attraktiv på arbeidsmarknaden.

-Ein gong fekk eg tilbod om eit vikariat for å lede ein lab ved eit privat legekontor, men fekk avslag på  søknaden om permisjon frå Helse Fonna . Å seie opp ei fast stilling for å gå inn i et eitt-årig vikariat blei ikkje aktuelt, forklarar ho. ​

Laura Lill Haavik 2023- Elisabeth Økland.jpg
80- talet: Biletet er frå ei anna tid. Her kan du sjå at ho som labratoriemedarbeidar hadde ein annerleis  arbeidskvardag samanlikna med dagens teknologi på «labben». Foto: Privat

I årå på labavdelinga kombinerte ho heile vegen småbarn- og familielivet med full jobb og fleire deltidsstudium, og imponerande nok  er ho  autorisert Helsesekretær med vidareutdanning.

-For meg har kurs og fagleg utvikling alltid vore ein stor motivasjon, og eg er svært takknemleg for at Helse Fonna som arbeidsgivar har bidratt til dette, kjem det frå Haavik. I 2007 fekk eg moglegheita til å starte i stillinga som føretakstillitsvald. Først tenkte eg at dette var for en periode på to år, men «vipps»  så hadde dei to åra føke – og då blei det to til! Og no sitt vi her, 16 år seinare.

Fortanderinne Fru Steen Hansen,  var forresten tittel og namn på fungerande direktør ved Fylkessjukehuset i Haugesund i 1973, kjem det plutseleg frå Laura Lill. Det er tydeleg på den avgåande kollegaen vår at ho er prega av både nostalgi og minne frå eit langt arbeidsliv, og det er kanskje ikkje så rart. Du kan jo berre tenke deg sjølv korleis det ville vore på din siste arbeidsdag – etter nesten 50 år. Og det er ingen tvil om at ho har ei unik historie å fortelje om korleis Helse Fonna har utvikla seg gjennom alle desse åra, med deling av arbeidserfaringar og kunnskap som ikkje får plass på ei A4 side. Men å påpeike at Laura Lill til saman har vore tilsett under perioden til  åtte direktørar gir oss eit innblikk i kor mykje som har skjedd i løpet av den tida.​


Engasjement for kompetanseheving

 -Det eg vil trekke fram som særleg har prega  engasjement  til Laura Lill, er kompetanseutvikling, seier HR- direktør i Helse Fonna, Helga Stautland Onarheim.

-Ho har som tillitsvald stått på for at våre medarbeidarar skal få fagleg utvikling, oppdatering og opplæring. Eit anna område ho har påverka i Helse Fonna er at vi må satse på lærlingar og mogleigheita for fast stilling etter læretida,  og faste heiltids stillingar for helsefagarbeidarar og andre.

I spørsmål om det er nokon særskilt hjartesak ho  vil velje å framheve, kjem Haavik sjølv inn på dette. Vilkåra for medarbeidarane når det gjeld fast stilling, lik lønn for likt arbeid og trygt arbeidsmiljø er noko som engasjerer, det er lett å merke når ho pratar om temaet.

Laura Lill fortel at ho har trivest både i stillinga på laboratoriet i mange år  med til dømes pasient- pårørande kontakt, samt i føretillitsvaldrollamed å bistå medarbeidarar/medlem innan dei ulike yrkesgrupper som Fagforbundet organiserer.

-Kjekt å ha hatt høve  til å bidra med å vere eit talsrør til det beste for pasientar, medarbeidarar og med utviklinga på sjukehusa våre.

-Eg er opptatt av at vi må gi  jobb til alle medarbeiderane med  større fokus på oppgåvedeling. Vi må satse på dei som vel å gå helsefag og kjem til oss som lærlingar. Yrke som Portør, Helsesekretær, Helsefagarbeider, ambulansearbeidarar og andre fagarbeidarar har ei viktig rolle. Men vi må ikkje gløyme at dei også er ein enorm ressurs med kompetanse  til å bistå legar/sjukepleiarar i fleire arbeidsoppgåver enn kva som er praksis på sjukehusa våre i dag. Eg trur ei årsak er at vi ikkje kjenner godt nok til kva dei ulike helsefagutdanninga inneber av kompetanse, noko det er på tide å sette meir fokus på, seier ho.

​ 

Laura Lill Haavik 2023- Elisabeth Økland_2.jpg

Vart heidra: I 1996 mottok Laura Lill Haavik Gullmerke som takk for innsatsen i Fagforbundet. Foto: Elisabeth Økland

 Rettferdig, varmhjerta og løysningsorientert

 Opptatt av rettferd og at like problemstillingar har lik løysing. Engasjert – og ikkje redd for å seie frå. Sjølvstendig og får ting gjort .Godt humør og samarbeidsvilje. Lun humor. Og ikkje minst – held ein god tone, også om vi ikkje er einige om alt. Det er ikkje måte på lovord som kjem frå kollegaene etter spørsmålet om korleis det har vore å ha Laura Lill som kollega.  

Nina Budal er hovudtillitsvald i NSF ( Norsk Sjukepleiarforbund) og har hatt eit tett samarbeid med Haavik. Uansett om vi kan ha vært svært ueinige nokre sakar og presentert heilt ulike perspektiv, så har vi aldri latt det gått ut over det kollegiale.  Vi kan ha  diskusjonar og bli frustrert på eit møte som representanter for helseføretaket og NSF, men på lunsjen er vi berre kollegaer. Det er ein egenskap som eg sett stor pris ved Laura Lill. Vi har det alltid så hyggeleg saman, ho er verkeleg  ein kollega som eg kjem til å sakne. Men vi skal begge forsette som representantar i Hele Fonna styret, så eg slipp ikkje heilt tak i ho, seier Nina.

-Ja, det stemmer, kjem det frå Laura Lill. Eg fortset i styret fram til februar 2025, så det kan godt vere vi sjåast!

No gir eg stafettpinnen vidare til Jorge Del Pino som tek over stillinga som føretakstillitvald, kjem det frå Laura Lill. Fram til no har han vore tillitsvald i Sunnhordaland, og eg synest at det er veldig positivt at han med seg  erfaringar frå Stord sjukehus, avsluttar ho.​

IMG_31411.jpg
Avskjedsfest med kollegaer: Frå venstre: Linda Gjelsten, Jorge Del Pino, Randi Guddal, Andrika H.Lande, og Tore Lund. Foto: Nina Budal