Læring og meistring i Helse Vest

«Brukarane sine behov i sentrum – likestilling av fag- og Erfaringskunnskap.»

Lærings- og mestringstilbod skal bidra til mestring og betre livskvalitet for personar som har langvarige helseutfordringar, og deira pårørande.

I Helse Vest er det Lærings- og mestringssenter ved alle føretak. Det finnes tilbod både innan somatikk og psykisk helsevern/rus, det er tilbod både for barn og vaksne.

Nettverk for læring og mestring i Helse Vest skal vere  ein ressurs for Lærings- og mestringssentra og deira samarbeidspartnarar. Nettverket er finansiert via midlar frå Helse Vest og leiinga er lagt til Helse Fonna for dei første tre åra.

Koordinator Sølvi Heimestøl, telefon 996 29 365, e-post: solvi.heimestol@helse-fonna.no

Kompetanseheving er ein viktig del av nettverket sitt arbeid. Kvart år arrangerer vi fagsamlingar i samarbeid med dei lokale Lærings- og mestringssentra i kvart føretak.

Målgruppa er  tilsette ved LMS, fagpersonar i spesialisthelseteneste og kommune som arbeider innan feltet,  brukarrepresentantar og brukarorganisasjonar og aktuelle samarbeidspartar.

  • Koordinering mellom helseføretaka og samordna utvikling i regionen

  • Fag- og kompetanseutvikling

  • Samarbeid og kompetansedeling med  kommunar

  • Gje innspel til Helse Vest når det gjeld utvikling av pasient- og pårørandeopplæring

Nettverket  skal vere ein ressurs i utvikling av

  • Helsepedagogiske tilbod  som byggjer på systematisk brukarmedverknad.

  • Felles verktøykasse - skjema, rapportar, praktiske råd

  • Standardiserte opplæringsprogram/arbeidsmetodar

Nettverket skal bidra til

  • Kunnskapsdeling  på tvers av kommune og føretak

  • Samarbeid på tvers – arbeidsfordeling

  • Forsking og utviklingsarbeidUtvikling av tilbod til innvandrarar/framandspråklege

  • Bruk av moderne teknologi

  • Pasient- og pårørandeopplæring/lærings- og mestringstilbod  inn i pasientforløp

  • Samarbeid mellom helseregionar

  • Nasjonalt og nordisk samarbeid

Arbei​​dsutval

Består av HF-representantane og  koordinator for nettverket. Utvalet følgjer opp handlingsplanen,  førebur saker til referansegruppa og sikrar  forankring og dialog med LMS-leiarane i føretaka.

Medlemmar

  • Marit Wirak, Helse Stavanger
  • ​Monica Tyvoll Tefre, Helse Førde
  • Charlotte Gjerdevik, Helse Fonna
  • Kari Fredriksen, Helse Stavanger​
  • Rannveig Bakketun, Helse Bergen
  • Sølvi Heimestøl, koordinator
  • Stig Terje Berget, Helse Førde

Refera​​nsegruppe

Referansegruppa representerer Lærings- og mestringssentra (LMS)  i regionen ved leiarane for LMS’ane og arbeidsutvalet. I tillegg er representantar for aktuelle samarbeidspartar  invitert inn, som kommune, private ideelle institusjonar og regionalt brukarutval. Gruppa gjev innspel til arbeidet og kjem saman fram til årlege satsingsområde og handlingsplanar i tråd med mandat for nettverket.

Med​​lemmar

  • Astrid Gytri, brukarutvalet Helse Vest
  • Jørgen Møllerop, kommunerepresentant
  • Solfrid Vågen, HSR, ideelle private institusjonar
  • Kari Fredriksen, leiar LMS Helse Stavanger
  • Sigrid Bøthun, leiar LMS klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna
  • Are Mikael Lillebø, leiar LMS Helse Førde
  • Linn Jeanett Waagbø, kommunerepresentant
  • Vibeke Irgens, Helse Bergen

Nettverk for læring og mestring i Helse Vest vart etablert i 2013 og skal vere  ein ressurs for Lærings- og mestringssentra og deira samarbeidspartnarar. Nettverket er finansiert via midlar frå Helse Vest og leiinga er lagt til Helse Fonna for dei første tre åra.

Nettverket skal bidra til

  • at pasientar og pårørande får eit kunnskapsbasert og likeverdig tilbod i heile Helse Vest
  • at pasient og pårørandeopplæring og lærings- og mestringstilbod vert ein integrert del av pasientforløpet.

    Sist oppdatert 27.01.2023