Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Barn og ungdom poliklinikk

Vi har medisinsk utgreiing og behandling og oppfølging av barn og ungdom frå 0 til 18 år med både akutte og kroniske tilstandar. For å kome til oss må du ha tilvising frå lege eller spesialist.

Vi utgreier og behandlar blant anna: 

  • Diabetes 
  • Mage, tarm og urinvegar 
  • Nevrologiske tilstandar (til dømes epilepsi) 
  • Astma, allergi og eksem 
  • Kreft 
  • Hormonelle sjukdomar 
  • Hjartesjukdomar 

Vi har også dagbehandling for barn og ungdom som treng kontroll eller oppfølging, og for dei med diagnoser som krev jamleg behandling.

Viktig informasjon før du kjem 

Barnet/ungdomen vil få ei innkalling via SMS og/eller brev på Helsenorge.no. 

Vi sender barnet eit innkallingsbrev om tid og stad for timen, og kva undersøkingar barnet eventuelt skal ha.  

Innkallingsbrevet kjem digitalt på helsenorge.no, og der kan du/føresette også sende meldingar til oss om du har spørsmål eller må endre timen din.  

Har du ikkje tilgang til helsenorge.no eller annan digital postkasse, vil du få brevet i postkassen din.  

NB! Det er viktig at du/føresette leser innkallingsbrevet i god tid før timen. Ved astma- eller allergitestar må barnet/ungdomen ofte må ta blodprøvar før sjølve timen. Vi tek ikkje blodprøvar ved poliklinikken. Blodprøvane kan takast hos fastlegen eller på laboratoriet på sjukehuset. 

Parkering: Det kan vere vanskeleg å finne parkering nære sjukehuset. Dersom du brukar eigen bil, må du berekne god tid til parkering.    

Du får beskjed om kva som skal skje når du melder deg i skranken.

Når du kjem til poliklinikken, startar vi ofte med nokre enkle undersøkingar.  

Du snakkar vanlegvis først med ein sjukepleiar eller helsesekretær som måler høgde, vekt og blodtrykk, eller gjer andre testar – for eksempel pustemåling (spiro) eller prikketest for allergi 

Etterpå skal du til legen. Legen går gjennom resultata, snakkar med deg og gjer vidare undersøkingar eller behandling om det trengst.  

  

Du kan endre timen din på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge. 

Ver merksam på at dersom du ikkje møter til timen, må du betale eit gebyr. Det kan også føre til at du må vente lenger på å få ny time.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF 

Når barnet fyller 16 år, blir det helserettsleg myndig. Det betyr at ungdommen som hovudregel kan samtykke til helsehjelp sjølv og bestemme kven som får innsyn i helseinformasjonen.  

Når barnet fyller 16 år, mister foreldre digital tilgang til barnets journal på Helsenorge, med mindre barnet gir fullmakt. 

Gjer deg betre kjent med rettane på Helserettigheter for barn og unge - Helsenorge 

Når eit familiemedlem blir alvorleg sjuk, inneber det ofte endring i livssituasjonen for heile familien. Då er det viktig å vere merksam på korleis barn og unge har det. Det kan dukke opp mange spørsmål både hos foreldre og barn. Vi vil hjelpe dykk til å handtere situasjonen.

Les meir om gode råd og støtte for barn som pårørande - Helse Fonna HF

Vi nyttar systemet Checkware for pasientar som skal sende oss jamlege diabetesmålingar – for eksempel blodsukkerverdiar. Dei det gjeld får informasjon om korleis dette fungerer.  

Checkware - Helse Fonna HF 

Vi har grupper for barn og ungdom med diabetes, der ulike aldersgrupper kan møtes å bli kjende. I tillegg arrangerer vi jamleg kurs for pasientar og pårørande. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.   

Når du får diabetes vil vi lære deg korleis du best lever med sjukdommen.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 07:30 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Poliklinikken er stengt i helger og på heilagdagar

Endre time på helsenorge.no

Logg inn på Helsenorge.no
For å sende brev eller dokument med personsensitive opplysningar, bruk eDialog.

VestDialog – eit sikkert alternativ til e-post

Gå til VestDialog
Via denne tenesta kan du trygt sende oss brev eller dokument med personsensitive opplysningar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering