Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Et uskarpt bilde av et rom

Blodbanken

Hos oss kan du gi blod måndag til fredag. Du finn oss i Haugesund, Odda og på Stord. Vi har også ein tappestasjon i Sauda.

Vil du gi blod?

Vi har alltid behov for nye blodgivarar!

Gå til giblod.no for å melde deg som blodgivar. Her kan du også lese kven som kan bli blodgivar. 

Vi oppfordrar blodgivarar til å laste ned appen «Blodbanken».

Viss du har spørsmål knytt til blodgiving, er du også velkomen til å ta kontakt med oss. Du kan også lese meir på Blodgjevar - Helsenorge

Gå til timebestilling

Tappestasjon i Sauda

Vi har også ein tappestasjon for blodgiving i Sauda. Tappedagar vil variere, men det vil vere ca. ein gong i månaden. Vi tar kontakt med aktuelle blodgivarar.

Korleis kjem blodet til nytte?

Vi har ofte behov for blod i behandling av pasientar og vi er avhengig av dei som donerer blod til oss. Blod kan ikkje lagast kunstig. Vi treng mange blodgivarar for å kunne gi livsviktig behandling i samband med sjukdom, ulukker, kompliserte fødslar og skader.

Blodet frå blodgivarar blir klargjort og delt i ulike blodprodukt: Røde blodceller, blodplater og plasma. Blod frå ein givar kan dermed hjelpe tre pasientar.  

Blodet kan berre lagrast i 35 dagar. Blodbanken treng derfor jamleg påfyll for å oppretthalde eit tilstrekkeleg lager av blod.

Kontakt

Telefon

Haugesund

52 73 22 81
  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Stengt helger og heilagdagar

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT
  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Alternativt telefonnummer: 53651123

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Haugesund

Blodbanken ligg i 5. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. 

Stord

Blodbanken ligg i 1.etasje på Stord sjukehus.

Odda

Gå inn hovudinngangen til Odda sjukehus, og ta trappa eller heisen ned til underetasjen (U1). 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.