Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Spyttkjertelstein, fjerning med operasjon

Spyttstein er ein stein som blir danna i ein utførselsgong frå ein av spyttkjertlane. Steindanninga kan gi blokkering av utførselsgongen, hevelse i kjertelen, smerter og eventuelt betennelser.

Tilvising og vurdering

Fastlegen sender tilvising til øre-nese-hals-spesialist som igjen tilviser til operasjon.

Før

Det er viktig at du er frisk før operasjon. Du bør ikkje ha oppkast eller feber. Ta kontakt om du er i tvil. 

Hygiene

For å minske risikoen for infeksjonar må du dusje og vaske håret kvelden før operasjonen.

Medisinar

Dersom du bruker blodfortynnande medisin som Marevan og Albyl-E, og dette ikke er avklart på førehand, må du kontakte avdelinga seinast 10 dagar før operasjonen.

Under

Operasjonsdagen

Du skal ta faste medisinar om morgonen som vanleg. Lag ei liste over dei medisinane du bruker til sjukehuset, og ta ho med deg til sjukehuset. Du kan ete frukost som vanleg. Det er fint om du ikkje har på deg sminke, smykke, ringar, piercing og parfyme.

Sjølve operasjonen blir gjort i lokalbebedøving, og varer frå 30 minutt til 1 time.

Etter

Like etter operasjonen vil legen snakke med deg og informere om korleis det gjekk og eventuelle omsyn ein må ta. Dersom det er sydd sting under operasjonen, blir det brukt sjølvoppløysande tråd som forsvinn av seg sjølv.

Du kan dra heim etter operasjonen, og det kan vere aktuelt med sjukemelding. Legen vurderer dette.

Smertestillande

Lokalbedøvinga vil gå ut eit par timar etter operasjonen. Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter inngrepet. Dersom du har smerter etter heimreise, kan du ta smertestillande tablettar som Paracetamol eller Ibux. Følg doseringa som er anbefalt på pakken.

Bløding

For å minske risikoen for bløding skal du halde deg i ro operasjonsdagen etter inngrepet. Ikkje ta del i trening eller anna tung fysisk aktivitet på operasjonsdagen og dagen etter.

Mat og drikke

Mat og drikke skal vere avkjølt eller kald operasjonsdagen for å minske ubehag og risiko for blødning. Du bør vente med å ete eit par timar, til lokalbedøvinga er gått ut.

Vi anbefaler deg å skylje munnen med vatn etter måltid i nokon dagar etter operasjonen. Dette for at matrester ikkje skal leggje seg i såret.

Ver merksam

  • Bløding og infeksjoner kan oppstå. Legen vil snakke med deg om dette etter operasjonen.
Sist faglig oppdatert 04.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

ØNH-resepsjon, 1. etasje.
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.