Organdonasjon

- Kan redde liv

I samarbeid med Helse Vest vart det arrangert 2-dagars kurs i organdonasjon på Haugesund sjukehus.

Publisert 20.01.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Nye tal  frå Stiftelsen Organdonasjon viser at over 400 nordmenn står på venteliste for eit livreddande organ. Ein transplantasjon garanterer ikkje at pasienten blir heilt frisk, men det gir håp og moglegheita til å leve vidare. Ein donor kan redde fleire liv.

Kjelde: Stiftelsen Organdonasjon

Tverrfagleg kompetanse

– For  helsepersonellet vårt er det difor viktig med auka kompetanse for donasjonsprosessen, seier Maria Huanca, intensiv- og donoransvarleg lege på Haugesund sjukehus. Vi har hatt eit tett samarbeid med dei  donoransvarlege på sjukehusa i Helse Vest og med Noregs nasjonale transplantasjonsteam.

– ​Vi er stolte over å kunne presentere eit høgt fagnivå på kursprogrammet vårt. Det består av både  innlegg med lokale føredragshaldarar frå Helse Fonna, regionale frå Helse Bergen (HB) og Helse Stavanger (HS), og nasjonale frå Ullevål og OUS, fortset ho. Espen Eriksen, donoransvarleg sjukepleiar i Helse Fonna, har vore med på å arrangere kurset og er glad for å sjå at det bidrar til meir interesse og engasjement. 

–​ Dette er stort,  vi har fullt program med dei beste på fagområdet for organdonasjon. Etter at vi måtte utsette fleire gonger pga. pandemien er det skikkeleg stas at vi no kan gjennomføre seminaret, seier han. 

Nasjonalt samarbeid

– Vi har lagt til rette for å  gi deltakarane ein introduksjon til heile organdonasjonsprosessen. Frå  avgjerda om donasjon blir tatt, til operasjon og vidare fram til ettersamtale med dei pårørarande så er dette ein utruleg kompleks prosess, fortel Huanca. Det er mange yrkesgrupper som er involvert utan at dei nødvendigvis har direkte samarbeid. Eg meiner at det er verdifullt  for medarbeidarane å få ei «bevisstgjøring», eller betre forståing over kven som gjer kva undervegs  Etiske spørsmål, systematisk kvalitetsforbetring,  og sjølvstendig ansvar for helsepersonell er også tema for desse dagane. Og ikkje minst kvifor ting tar tid, påpeikar ho - Eit scenario med ein mogleg transplantasjon krev eit nasjonalt samspel.

I Helse Fonna er Haugesund sjukehus det einaste som er godkjent donorsjukehus. Det inneber å oppretthalde krav frå Helsedirektoratet om kompetanse til å starte ein organdonasjonsprosess. Medan det er eit donor-uttaksteam frå Oslo universitetsjukehus som kjem til sjukehuset for å hente fleire organ og fraktar dei vidare. Alle transplantasjonar blir gjennomført ved vårt nasjonale transplantasjonssykehuset, OUS Rikshospitalet. Les meir om organdonasjon

Kurs organdonasjon 1.jpgNasjonalt engasjement: Frå venstre Maria Huanca, intensiv- og donoransvarleg lege HF,Ingebjørg Kvangarsnes, transplantasjonskoordinator OUS2,Dag Wendelbo Sørensen, intensiv- og donasjonslege OUS, Kjell Kaisen, intensiv- og donoransvarleg lege HS,Lise Bratberg, donasjonssjukepleiar OUS,Gunhild Holmaas, intensiv- og donoransvarleg lege HB Bergen,Siv Lieng, donasjonsjukepleiar OUS,Kamaljit Kaur, spesialist i nevrologi, Espen Eriksen, Donoransvarlig sjukepleiar HF. Foto: Elisabeth Økland

Paneldebatt. Kurs 18.1.jpgPaneldebatt: Deltakarane på kurset fekk moglegheit til å kome med innspel og stille spørsmål til nokre av føredragshaldarane. Frå venstre: Bende Møller, donoransvarleg sjukepleiar HS..Kjell  Kaisen, intensiv- og donoransvarleg lege HS, Kristin McLeod, donoransvarleg sjukepleiar HB, Anne Trengereid, donoransvarleg sjukepleiar HB, og Gunhild Holmaas, intensiv- og donoransvarleg lege HB. Foto: Elisabeth Økland

Fagleg breidde

Invild Ballestad, operasjonsjukepleiar, og Kristin Skaug Funnemark, anestesisjukepleiar, har begge vore med på organdonasjonsprosessen ein gong tidlegare med ulike erfaringar. Dei to er einige om at det er ein veldig spesiell og krevande arbeidssituasjon som helsepersonell.

Korleis har det vore å delta på kurset? 

– Eg set pris på at det har vore fagleg breidde, seier Skaug Funnemark. - ​No har eg fått større innblikk i dei ulike delane, det var også interessant å høre om erfaringar med pårørande og ulike perspektiv på tidslinja. Noko som også gjør at eg har fått svar på kvifor det tar lang tid å gjennomføre. Det kjennest positivt å kunne setje heile prosessen i meir kontekst, og ha kunnskapen med seg når det kjem ein liknande situasjon. Det er også fint at dei set fokus på å følgje opp dei pårørande best mogleg.

– Eg synest det var bra at dei delte kurset litt opp etter kategori med tema som var mest relevant for intensivmedisin den eine dagen og anestesi neste. Det er jo ikkje alle som har hatt  moglegheit til å delta begge dagane, kjem det frå Ballestad.

– Det var gøy at så mange flinke foredragshaldarar deltok, dei har verkeleg gjort ein flott innsats. Eg føler at eg har fått ei større forståing for alle som bidrar, enn å berre fokusere på rolla som ein sjølv har eller oppgåvene våre på anestesiavdelinga, fortel ho. 

IMG_4644_1.jpgInnhaldsrikt: Ingvild Ballestad, operasjonssjukepleiar, og Kristin Skaug Funnemark, anestesisjukepleiar, deltok på kurset og synest det var eit nyttig og spennande kursprogram. Foto: Elisabeth Økland​

Frå sorg til takknemlegheit

Det er ikkje mange organdonasjonar etter dødsfall i Noreg i løpet av eitt år, prosentandelen ligg svært lågt med 0,4 prosent. Ei rekke medisinske krav skal vere oppfylt som vilkåra for metode ved organdonasjon etter hjernedød( DBD) eller metode for organdonasjon etter hjartestans (cDCD).  Les meir

Det blir også stilt strenge krav i høve til ein levande givar, som til dømes er aktuelt for dei som ventar på nyretransplantasjon.

–Ja eller samtykke til organdonasjon gir oss moglegheita til å redde liv. Men det er viktig for meg å påpeike at dette ikkje er eit kvardagsscenario for oss. Det er sjeldan vi opplever ein akutt situasjon og dødsfall som fører til organdonasjon. I all behandling gjer vi alltid alt vi kan for å redde pasienten!! Men det er viktig at alle rutinar er på plass, og at vi som team er forberedt til å handtere det som kan skje, når livreddande behandling ikkje lenger er mogleg, seier Maria Huanca.

–Organdonasjon. Det er eit tema som er vanskeleg for dei fleste å snakke om, fortset ho, noko vi som helsepersonell også jør vårt beste for å ta omsyn til. Eg vil oppmode til å snakke med kvarandre. Vi har behov for openheit om moglegheitene som det gir.

– Eg har møtt pårørande som har vist mykje glede for at vi  har redda liv gjennom organdonasjon.Frå å stå  midt  i sorga etter å ha å mista nokon ein har kjær,  til å vise takknemlegheit for å kunne redde ein som treng organtransplantasjon for å leve.  Det er fantastisk, kjem det engasjert frå Maria. ​

IMG_4648_1.jpgKompetanseheving: Frå venstre Espen Eriksen, donoransvarleg sjukepleiar, og Maria Huanca, donoransvarleg lege,  har fokus på eit viktig tema med kurset i organdonasjon.