Unikt resultat i kvalitetsforbetringsprosjekt:

No tømmer alle tarmen

Gastroenterologisk poliklinikk ved Haugesund sjukehus har redusert replanlegging av koloskopi frå over 43 prosent til rundt 3 prosent, noko som gjer at dei fekk heiderleg omtale på årets Kvalitetskonferanse i Helse Vest.

Publisert 26.07.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

​Medarbeidarane på gastroenterologisk poliklinikk (gastropol) brukte altfor mykje tid til å finne nye timar til pasientar som ikkje møtte opp eller som ikkje var godt nok førebudde før dei kom til undersøking. No har eit kvalitetsforbetringsprosjekt gjeve gode resultat, langt betre enn forventa.

Målet var å komme under 10 prosent rebooking av timar. Etter kort tid er dei nede mot 3 prosent.

Dette er eigentleg eit ganske utruleg resultat, noko som betyr mykje for alle partar:

  • Raskare (kreft)diagnose for pasient, eventuelt raskare friskmelding

  • Betre utnytting av kostbar legeressurs

  • Kortare ventetid for alle pasientar​

gastrolpol.jpg
Fekk pris: Den såkalla “posterprisen" under Helse Vest sin kvalitets- og registerkonferanse vann dei for arbeidet med kvalitetsforbetringsprosjektet i mai. Frå venstre Jorunn Hebnes, Ida Dankel, Helga Tonning, Eirik Dankel, Selma Underhaug, Marijn Radersma og Jeanette Pedersen. Foto: Elisabeth Økland/Eirik Dankel


Mange gode krefter har vore i sving, og avdelinga blir no kontakta av fleire avdelingar som vil lære av dei. Så kva har dei eigentleg gjort?

– Våre undersøkingar, og då spesielt koloskopi, krev ein del førebuingar for at vi skal kunne gjennomføre. Vi slit jo med ventelister så vi kan ikkje la timar gå til spille, seier Jeanette Pedersen. Ho er funksjonsleiar på gastropol.

Mykje å ta tak i

Problemet auka merkbart då dei gjekk over til digitale brev våren 2021. Dei bestemte seg for å måle kor mange koloskopipasientar som måtte ha ny time. Av 76 planlagte koloskopiar måtte 33 pasientar (43 prosent) ha ny time. 

 Vi kartla årsakene og fekk mange ulike svar. Det viste seg at det var ei kompleks problemstilling.

Brev som ikkje blei opna var blant gjengangarane. Eller at det var opna, men ikkje godt nok lest eller ikkje forstått. Og særleg kor viktig alle deler av førebuingane er. Det kunne også vere for kort planleggingshorisont, slik at pasientane fekk innkalling seint. Noko som førte til mykje ombooking.

– Her på gastropol måtte vi jo ta tak i dette, men var usikre på kor og korleis vi skulle starte. Vi kontakta kvalitetsrådgjevar Laila Østebøvik. Ho rådde oss til å søkje forbetringsutdanning. Den har hjelpt oss til å sortere, lage framdriftsplanar og målsetjingar for prosjektet slik at det skal bli ein suksess. 

Kva blei gjort?​​

Målet var å komme under 10 prosent for ombooking av koloskopi. Blant tiltaka som blei sett i verk er:

  • Endra innkallingsbrev

  • Video med forklaring av tømmeprosedyre

  • Byte av tømmingsmiddel (tømmingsmiddel som blei brukt før gav ikkje ønska effekt, men var også tungvint  for eksempel måtte pasient drikke 3 liter, noko mange naturleg nok slit med)

  • Oppdatert eHandbok og rutinar

Ei teljing viser at avdelinga no, etter få månader, er heilt nede mot 3 prosent ombooking. Men dei gir seg ikkje.

– Vi jobbar stadig med nye tiltak. Og så ønskjer vi å komme rundt i andre avdelingar å undervise om tarmtømming, om kor viktig dette er. Kunnskapen og arbeidet vi legg ned i dette prosjektet tek vi med oss vidare til dei andre undersøkingane våre.

Blod på tann

Kollegaene på gastropol er sjølvsagt svært godt nøgde med resultatet av kvalitetsforbetringsprosjektet.

– Resultatet har vore over all forventning. Eg er også glad for hjelpa vi har fått frå andre avdelingar, både kommunikasjonsavdelinga, EPJ-senteret og dei tilstte i forbetringsutdanninga. Så det er tydeleg at det ikkje er berre er vi som ser at dette er viktig, seier Pedersen.

Med nye tiltak som skal setjast i verk er dei ikkje ferdig enno. 

– Vi ser også forbetringspotensiale på andre undersøkingar, så dette har gjeve oss blod på tann.

Har funne gull

To kvinner som holder en godteripose.

Selma Underhaug og Jeanette Pedersen er stolte vinnarar av Helse Vest sin posterpris.

Klinikdirektør medisinsk klinikk Haugesund og Odda, John Conrad Brandsø, er imponert både over engasjementet og resultatet.

 ​Gjengen på gastropol har funne gull og eg trur ikkje dei gir seg med dette, seier ein nøgd klinikkdirektør.

At dei ville finne gull var han sikker på tidleg.

– Dette prosjektet har vore utruleg spennande, og det er imponerande korleis engasjementet og systematikken rundt har bidrege til eit fantastisk resultat. Eg "garanterte" faktisk siger i posterkonkurransen på eit tidleg tidspunkt, for eg kunne ikkje sjå at det var mogeleg for andre i Helse Vest å slå dette fantastiske prosjektet. 

Det dei har gjort på gastropol betyr mykje, fortsett Brandsø. 

– Vi jobbar heile tida for å få tak i nok legar for å ha tilstrrekkjeleg kapasitet på gjennomføring av koloskopi. Slik situasjonen er no er vi avhengig av at alle pasientar møter klare for å gjennomføre planlagt undersøking.

​Heilt til slutt: Om du er nysgjerrig, slik tømmer du faktisk tarmen.