Får 12 millionar til forsking på kvinnehelse
Forskingsrådet gir 60 millionar kroner i støtte til seks forskingsprosjekt med særleg fokus på kvinner. Helse Fonna får 12 millionar.
Seks prosjekt får til saman 60 millionar kroner i støtte.
Eitt av prosjekta er i regi av forskarar i Helse Fonna, leia av Arvid Rongve: “Dementia with Lewy bodies in women: combating misdiagnosis through sex-specific biomarkers of disease risk and progression".
– Vi treng meir kunnskap om kvinner si helse. Difor er det viktig at det no blir sett i gang fleire forskingsprosjekt som kan bidra til nettopp dette. Regjeringa er oppteken av auka forskingsinnsats for betre kvinnehelse, og har difor prioritert øyremerka midlar til dette, seier helse- og omrsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Helse Fonna sitt prosjekt rettar merksemda mot demens med lewylegemer, og særleg utfordringar knytt til diagnostisering av denne demenstypen hos kvinner.
– Prosjektet vil styrkje forsking i Helse Fonna, men også styrkje det gode samarbeidet som er regionalt og nasjonalt på dette forskingsfeltet, seier Haldis Økland Lier, leiar for forskings- og innovasjonsavdelinga.
Prosjektleiar Arvid Rongve har forska på demens i mange år, og er svært glad for støtta.
– Forskingsbasert kunnskap er avgjerande for effektiv behandling og for omstilling av helsesektoren. Vi opplever enorm interesse frå fagmiljøa som ønskjer å forske på feltet, og det er lovande for kvinner si helse, seier adm. dir. i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.
Les meir her: 60 millioner kroner til forskning på kvinnehelse (forskningsradet.no)