Fire prosjekt får innovasjonsstøtte

Heile 25 innovasjonsprosjekt får til saman 18 millionar kroner frå Helse Vest. Fire av prosjekta er frå Helse Fonna.

Magne Kydland
Publisert 08.12.2023
Sist oppdatert 13.09.2024

Det var rekordstor pågang til innovasjonsutlysinga i haust. 76 søknader blei sendt inn, og 14 av søknadene kom frå Helse Fonna. Det er ny rekord.
 
Heile 25 prosjekt får stønad – 12 nye innovasjonsprosjekt, 8 idéoverføringar og 5 prosjekt til det øyremerka samarbeidet med Kreftforeininga. 4 prosjekt frå Helse Fonna får støtte. Det er leiar i forskings- og innovasjonsavdelinga, Haldis Økland Lier, svært glad for.

 – Først var det veldig kjekt å erfare det store engasjementet i klinikkane for å søke innovasjonsmidlar. Eg trur me fekk til ein god lokal prosess i haust, med mange gode idear, rettleiing av koordinator for innovasjon, Ingrid Øritsland Våge, og forankring i leiarlinja. Det er stor stas og glede når fire prosjekt får finansiering. Det skal bli interessant å følgje desse vidare, seier Økland Lier.

Høg kvalitet

– Vi er svært nøgd med at så mange har søkt innovasjonsmidlar, og at så mange av søknadane held høg kvalitet. Takka vere samarbeidet med Kreftforeningen, kunne vi lyse ut ekstra midlar, øyremerka innovasjonsprosjekt innan kreft. Dette ga god respons i fagmiljøa, seier Lena Forgaard, seniorrådgivar og innovasjonsansvarleg i Helse Vest RHF.

​​Søknadane syner høg innovasjonsaktivitet i heile Helse Vest, særleg knytt til nye og betre arbeidsformer ved bruk av teknologi for auka berekraft i tenesta. 

– Mange av innovasjonsprosjekta omhandlar bruk av kunstig intelligens, automatisering av arbeidsprosessar og digitale løysingar for meir brukarstyrte tenester. Samla sett er det likevel stor tematisk bredde blant dei prosjekta som får stønad, seier Forgaard.

Mange gode søknadar

Då det er svært mange som har søkt i haust, er det også gode søknader som ikkje nådde heilt opp. I den endelege prioriteringa mellom fleire gode prosjekt, har det også blitt lagt vekt på regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og tematikk. Nokre av søkarane hadde også søkt forskingsmidlar frå Helse Vest. Vi har prioritert søkarar som ikkje har fått tildeling frå forskingsmidlane. 

Det er leiarmøte i Helse Vest RHF som har vedteke den endelege tildelinga av midlar, basert på arbeidet frå innovasjonskomiteen.

En person som smiler og peker
Evelyn Endresen Sevland har fått støtte til prosjektet "Sykepleierdrevet poliklinikk for kreftpasienter". Foto Kjetil Alsvik/Helse Vest.

Her er prosjekta i Helse Fonna som får støtte

  • I kategorien «Nye innovasjonsprosjekt»: Unlocking Mental Health: Generative AI to support communication. Prosjektleiar Oddbjørn Hove
  • I kategorien «Idéoverføringar»: Checkware IBD. Prosjektleiar Jeanette Pedersen
  • Desentralisert prøvetaking: Prosjektleiar Hilde Vea Hansen
  • I kategorien «Øyremerka kreft – idé»: Sykepleierdrevet poliklinikk for kreftpasienter. Prosjektleiar Evelyn Endresen Sevland.