Har signert hovudkontrakten for vidare utbygging
GL Prosjektservice vann konkurransen om byggjetrinn 2 på Haugesund sjukehus.
Etter ein lang og grundig tilbods- og forhandlingsfase er det GL Prosjektservice AS, med hovudkontor i Kopervik, som har vunne konkurransen om å byggje nybygget på Haugesund sjukehus trinn 2.
Nybygget består av sju etasjar der den gamle Austblokka no blir riven, i tillegg til eit tilhøyrande påbygg på eksisterande S-blokk i tre etasjar.
– Ein stor dag for regionen
– Den nye sydaustblokka skal huse sengepostar tilpassa nye driftsformer. Blant anna blir det etablert eigen infeksjonspost med fleire isolat, ny sengepost for gastromedisin og nefrologi, ny felles sengepost for eldremedisin og ny sengepost for nevrologi og slagbehandling. Hovudoppdraget er på om lag 10.000 kvadratmeter, og det er mogelege opsjonar for arbeid i nybygg og eksisterande bygg knytt til kontrakten, opplyser prosjektdirektør Laila Nemeth i Helse Fonna.
Byggjestart er planlagt vinteren 2024. Bygget skal vere ferdig og overleverast hausten 2026, og innflytting blir i løpet av vinteren 2027.
– Dette er ein stor dag for heile Helse Fonna-regionen. Det at vi kan få gjennomført byggetrinn 2, betyr at vi om få år har eit tipp-topp moderne sentralsjukehus til beste for både pasientar og tilsette. Vi vil og få full effekt av investeringane i byggetrinn 1. Dette er eit prosjekt for framtida! seier ein nøgd styreleiar i Helse Fonna, Petter Steen jr.
Viktig for pasientane
Også administrerande direktør Anders Hovland understrekar kor viktig denne utbygginga er, for alle partar.
– Dette er eit viktig prosjekt for Helse Fonna og for alle dei som får behandling og oppfølging hos oss. Gjennomføring av byggjetrinn 2 vil gje oss betre fasilitetar og rammer for betre driftsmodellar, som fører til raskare og betre utgreiing og behandling. Det legg også til rette for betre utdanningsløp for framtidig helsepersonell. Det er gjort eit stort og godt arbeid både av byggorganisasjonen og dei tilsette som har bidrege inn i planlegging og utvikling av prosjektet, og det er flott at vi no har komme til neste fase, seier Hovland.
Momentum Arkitekter og Norconsult AS står for prosjektering, Metier AS bistår med rådgjeving og Sykehusinnkjøp HF med innkjøpstenester.
Store ringverknader lokalt
Total budsjettramme for byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus er på om lag 1 milliard kroner. Første byggjetrinn, som vart teke i bruk hausten 2021, kosta rundt 2 milliardar kroner.
Prosjekta gjev store ringverknader lokalt, då ein stor del av underleverandørane er bedrifter på Haugalandet.
– Dette er eit stort og viktig oppdrag for oss. Oppdraget kjem på eit godt tidspunkt, og er kjærkomme både for oss, og våre underleverandørar, som stort sett er lokale. Vi er godt nøgde med prosessen som har vore, og samarbeidet med prosjektorganisasjonen i Helse Fonna har vore god. Dei har vore svært profesjonelle, og noko av det beste vi har vore borti. No gler vi oss til å komme i gang, og halde fram det gode samarbeidet, seier dagleg leiar Terje Lindstrøm i GL Prosjektservice AS.