Betre samarbeid skal gje kortare ventetid
Helse Fonna og Revmatismesykehuset har starta eit 2-årig pilotprosjekt for å redusere ventetider på proteseoperasjonar i Fonna-regionen.
Målet er å styrkje fagmiljøet i regionen og sikre kortare ventetid og reiseveg for pasientane.
– Revmatismesykehuset har kapasitet til å operere fleire protesar, og kan dermed bidra til at fleire pasientar blir operert raskare og i eigen helseregion. Med dagens bemanning og operasjonsstover kan vi fint ta unna dei 100 ekstra protese-operasjonane Helse Vest ber oss om årleg i prosjektperioden, seier administrerande direktør Kari Nådland ved Revmatismesykehuset.
Revmatismesykehuset har etter ombygging og renovering i 2016 to fullverdige operasjonsstover, ei moderne postoperativ avdeling, i tillegg til at sengeposten har kapasitet til å ta imot fleire operasjonspasientar. Det er denne kapasiteten Helse Vest no ønskjer skal bli nytta.
– Nasjonale kvalitetsindikatorar viser at vi har høg kvalitet på proteseoperasjonane som blir gjennomført i Helse Fonna, og vi arbeider alltid for å utnytte kapasiteten vår best mogleg og ha så kort ventetid som mogleg på behandlinga vår. Vi ser samtidig at ein del av pasientane i regionen får behandlinga si utanfor Helse Fonna-regionen. Gjennom dette samarbeidet med Revmatismesykehuset har vi som mål å styrkje det regionale fagmiljøet og redusere ventetidene ytterlegare, slik at fleire kan få gjennomført desse operasjonane nærare heimen, seier administrerande direktør Anders Hovland i Helse Fonna.
Hovland forklarar at Helse Fonna og Revmatismesykehuset har etablert ein rutine for å sikre at kapasiteten innan kne- og hofteproteser blir utnytta best mogleg, slik at den samla ventetida i regionen blir så kort som mogleg.
– Revmatismesykehuset tar som før imot tilvisingar til proteseoperasjonar direkte. Samtidig har vi kapasitet og kan bidra til å redusere ventetidene samla sett. Vi ser det som svært positivt at Helse Fonna og Helse Vest ser moglegheitene som ligg i vårt fagmiljø, og at vi saman kan betre tilbodet i Helse Fonna, fortel Nådland, som legg til at Revmatismesykehuset også hjelper SUS med proteseoperasjonar.
Samarbeidet som no er starta opp er eit resultat av Helse Vest sitt arbeid for å nytte kapasiteten ved sjukehusa betre. Foreløpig er det eit 2-årig pilotprosjekt som skal gje Fonna-regionen ein auke på 100 ekstra kne- og hofteproteseoperasjonar i året. Dersom prosjektet gir ønsket effekt, vil Helse Vest vurdere om ordninga på kan vidareførast på ein eller annan måte.