Sikkerheitsseminaret på Valen

«Eg elsker dokker!»

Rapartist Angelo Reira stal showet på Sikkerhetsseminaret i regi av Valen sjukehus.

Magne Kydland
Publisert 04.09.2024
Sist oppdatert 13.09.2024
En person på en scene med en mikrofon foran en folkemengde
Bergensrappar Angelo Reira med personleg og rørande start på årets Sikkerhetsseminar. (Alle foto:Magne Kydland)

Kva som skjedde kan du lese meir om heilt på slutten av artikkelen.

Framtidas sikkerheitspsykiatri – nye løysingar for nye tider, var tema på første del av Sikkerherhetsseminaret 2024. Her ligg Valen sjukehus heilt i tet nasjonalt.

En gruppe mennesker som sitter på krakker foran en skjerm
Pårørande Lars Johan Hereid (med mikrofon) fortalde den sterke historia om mora som vart drepen med øks av ein psykotisk gjerningsmann på Vår Frelsers gravlund i Haugesund i 2019. Elles i panelet Heine Hageberg (ordstyrar), Hereid, Glenn A. Opland (kommunelege i Kvinnherad), Kjersti Ytrehus (overlege FACT-s, Valen sjukehus), Sigurd Børve (politistasjonssjef i Kvinnherad) og Ingrid Steinberg (politijurist Sør-vest politidistrikt)

Sikkherhetsseminaret vart arrangert i Rosendal, med Valen sjukehus som arrangør. Det  årlege nasjonale arrangementet set fokus på fagfeltet sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri, og i år deltok over 250 deltakarar frå heile landet.

Her var det innlegg frå fagpersonar frå Helse Vest RHF, Vest politidistrikt, Helse Bergen og fleire andre helseføretak, Statens Helsetilsyn, UKOM og Haugesund kommune. Og sist, men ikkje minst, så bidrog ei rekkje medarbeidarar i Helse Fonna med sin fagkunnskap.

En person som står på et podium
Statssekretær John-Erik Vika i justis- og beredskapsdepartementet rosa Valen sjukehus.

Statssekretær John-Erik Vika i justis- og beredskapsdepartementet innleia fagseminaret, og snakka blant anna om sikkerheitsavdelingane sitt ansvar for samfunnsvern og bekjemping av kriminalitet.

Han var ein av fleire som rosa Valen sjukehus opp i skyene. Han lova også ei styrking av Kriminalomsorgen, som i mange år har måtte tole kutt, og han varsla opptrapping av dei regionale helseføretaka sitt ansvar for å vera meir til stades i fengsela, for å førebyggje sjølvmord blant innsette.

–  Vi har også eit mål om å auke talet på døgnplassar, og eit betre sikkerheitspsykiatrisk tilbod til barn og unge. Sikkerheitsavdelingane har eit stort ansvar for å ivareta samfunnsvernet, sjølvsagt i lag med andre etatar, sa Vika.

Han understrekar at gode bygningar, høg kompetanse og tverrfagleg samarbeid er nøkkelen for å lukkast framover, og trekkjer fram Valen sjukehus som eit godt døme.

En mann som står på et podium
Ola Jøsendal orienterte om det gode samarbeidet som enda med Regional plan for sikkerhetspsykiatri. Her var Helse Fonna ein svært viktig bidragsytar.

Det gjorde også tidlegare ass. fagdirektør i Helse Vest RHF, Ola Jøsendal, som gjorde greie for arbeidet med Regional plan for sikkerhetspsykiatri som var klar våren 2021.

– Helse Fonna har alltid vore lengst framme, med flest døgnplassar, og har alltid hjelpt dei andre føretaka i vest. Valen sjukehus har alltid hatt ei sentral rolle, med dei flotte omgjevnadene, seier Jøsendal.

Det som gjorde sterkast inntrykk på seminaret var det som skjedde aller først: Det obligatoriske kulturinnslaget. Der dukka det opp ein rapartist frå Bergen, som hadde langt sterkare og meir personlege tekstar enn det som er vanleg. Mellom songane kom forklaringa: Fleire av songane er skrivne medan han var innlagt på Valen sjukehus.

– Det redda livet mitt! Her var mykje terapi, i form av musikk og turar i vakker natur. Det er fantastiske menneske som jobbar på Valen sjukehus! «Eg elsker dokker»! sa Angelo Reira, som fekk fram både trampeklapp og ei aldri så lita tåre.

En person som står foran en stor skjerm
Administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland, ønskte velkommen, og fortalde om historia til Valen sjukehus. Og sjølvsagt om planane om ny sikkerheitsavdeling, som ligg langt framme i investeringskøen.
En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Arrangementskomiteen har jobba fram eit godt og spennande program. Frå venstre Torill Storhaug, Elisabet Anuglen Kalsås , Marianne Lund Anderssen, Synne Fjelberg Benjaminson og Vibeke Rygh.
En gruppe mennesker som sitter i et rom med en stor skjerm
Mange hadde teke turen til Kvinnherad for Sikkerheitsseminaret denne veka. Den store Riddarsalen ved Baroniet Rosendal var fullstappa, og det same var overnattingskapasiteten i Baronibygda.