Feira bygging av ny sjukehusblokk

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre la torsdag 29. august ned grunnsteinen for Byggjetrinn 2 og den nye blokka ved Haugesund sjukehus. Utbygginga vil gi rom for fleire sengepostar og eit enda betre helsetilbod for regionen.

Anne Grethe Nilsen
Publisert 30.08.2024
Sist oppdatert 13.09.2024
En gruppe mennesker iført sikkerhetsvester som holder et skilt
Agnes Landstad, Jan Christian Vestre, Petter Steen, Anders Hovland og Laila Nemeth med grunnsteinen til den nye sjukehusblokka i Haugesund. (Alle foto: Eirik Dankel)

–  Nye og moderne lokale vil gi eit betre helsetilbod til innbyggarane, gi dei tilsette ein betre arbeidskvardag, men også vere viktig for å rekruttere og behalde helsepersonell, sa Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre under markeringa, der han også fekk æra av å støype grunnsteinen i det nye bygget. 

Byggearbeidet starta opp tidlegare i år og skal vere ferdig hausten 2026.

Meir plass til nye sengepostar 

Byggetrinn 2 er ein del av ei omfattande utbygging av Haugesund sjukehus. Byggjetrinn 1 med 20 000 kvadratmeter stod klart i 2021. Dette bygget inneheld i dag alle akuttfunksjonar, som operasjonsavdeling, intensivavdeling, fødeavdeling, akuttmottak for både psykiatri og somatikk, og laboratorium.

Når Byggjetrinn 2 er ferdig i 2026, vil Helse Fonna få ytterlegare 10 000 kvadratmeter og plass til enda fleire sengepostar. Byggekontrakten gir også mogelege opsjonar for arbeid i nybygg og eksisterande bygg.

– Den nye søraustblokka skal huse sengepostar tilpassa nye driftsformer. Blant anna blir det etablert eigen infeksjonspost med fleire isolat, ny sengepost for gastromedisin og nefrologi, ny felles sengepost for eldremedisin og ny sengepost for nevrologi og slagbehandling, opplyser prosjektdirektør Laila Nemeth i Helse Fonna. 

Ei satsing på helsetenester

Den nye søraustblokka vil ha seks etasjar. Arbeidet omfattar også ei større ombygging av tre etasjar i eksisterande bygg for å gi plass til poliklinikkar. Bygginga er allereie godt i gang og det nye bygget er godt synleg i bybildet. 

Administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland, var godt nøgd med arbeidet så langt. Under markeringa takka han alle som er involvert i det omfattande byggeprosjektet og dei tilsette som sikrar drift og gode tenester gjennom endringane.

– Utbygginga er ein stor milepæl og ei satsing på helsetenester for alle innbyggarane i regionen. Eit sjukehusbygg er som vi alle veit berre eit bygg før vi får fylt det med våre flotte medarbeidar, og dei kan ta imot pasientar og pårørande i nye og moderne lokale, påpeikte Hovland.