Ikkje berre ein, men to kvalitetsprisar i år
Det starta med rekord i talet på søknadar. Heile elleve. Då var det ikkje lett å kåre ein vinnar, difor blir det i år to.
Dei som trakk det lengste strået er Øyeavdelinga i Haugesund og Sårpoliklinikken på Stord.
Dette er kvalitetsprisen i Helse Fonna
Kvalitetsprisen skal løfte fram gode resultat og stimulere og inspirere til forbetring og utvikling. Prisen blir delt ut til medarbeidarar, eller avdelingar, som på ein framifrå måte har bidrege til å styrke kvaliteten på tenestetilbodet.
Og i år var det altså mange som søkte.
«Det blir gjennomført mykje systematisk og godt forbetringsarbeid i Helse Fonna, og juryen fekk i år rekordmange søknadar. Heile 11 stykk! Søkjarane har alle på ulik vis drive systematisk arbeid som har bidrege til utvikling og gjennomføring av kvalitetsforbetring og pasienttryggleik, og vi gratulerer alle søkjarane med godt gjennomført kvalitetsarbeid. I år blir det delt ut to Kvalitetsprisar», skriv juryen i si vurdering.
Oppgåvedeling og effektivisering
Det er stikkorda for Øyeavdelinga. Der har dei i fleire år gjennomført målretta kvalitetsforbetringstiltak som har ført til effektivisering av behandlingstilbodet og ivaretaking av pasienttryggleiken.
Dette kjem særleg fram i arbeidet med handtering av fleire pasientar til injeksjonsbehandling, diabetesscreening og glaukomscreening. Dette systematiske arbeidet har også ført til sterk reduksjon i ventelister.
I tal:
- Intravitreale injeksjonar har auka med 300 prosent, dette har avdelinga klart gjennom triagering og oppgåvegliding gjennom at sjukepleiarar har fått opplæring i å setje injeksjonane.
- Ventelistene for pasientar med glaukom og diabetes er redusert frå 400 pasientar til null, dette har også betra pasientopplevinga.
Ved å prioritere pasientar etter alvorlegheitsgrad har dei også unngått alvorlege synskomplikasjonar.
Dette har juryen lagt merke til.
«Juryen har vektlagt at dei har arbeida målretta og systematisk, dei har innført triagering, samt at dei har jobba med oppgåvegliding gjennom at dei har delegert oppgåver til sjukepleiarane og dermed frigjort legeressursar. Juryen ser fram til å følge avdelingas plan om å vidareutvikle arbeidet, og oppmodar dei i samband med dette til å vurdere kritisk kva pasientar dei vil prioritere for behandling, slik at behandlinga kan bli gitt til dei pasientane som vil ha best nytte».
Viser veg regionalt
Sårpoliklinikken på Stord sjukehus kunne også feire denne fredagen. Dei behandlar pasientar med kroniske sår. Gode pasientforløp er viktig. For det har dei utarbeidd standardisert prosedyre for første vurdering av pasienten og har som mål å skreddarsy behandlingsplan for kvar pasient.
I tillegg har dei starta med digitale videokonsultasjonar for pasientar med lang reiseveg, det gir pasientane gode tilbakemeldingar på.
Poliklinikken har auka samhandling, kompetanseheving og kompetanseutveksling mellom primærhelseteneste og spesialisthelseteneste. Vidare har dei starta arbeidet med å utvikle standardisert sårjournal, og har som mål at denne kan bli teke i bruk på tvers av alle poliklinikkar som behandlar sår i Helse Vest.
Og om det ikkje var nok har dei har starta på jobben med regionalt sårregister i Helse Vest.
Klart det blir lagt merke til.
«Juryen er imponert over fagleg utvikling og kompetansedeling, og ser at mål om fleire videokonsultasjonar er i tråd med Helse Fonnas målsetjing. Forøvrig oppmodar juryen poliklinikken til å vurdere om dagens mål om 15 prosent videokonsultasjonar kan setjast høgare», er tilbakemeldinga.
Gratulerer til alle!