Statsråden vart imponert

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre kom med gode tilbakemeldingar etter besøket på Haugesund sjukehus. 

Magne Kydland
Publisert 05.07.2024
Sist oppdatert 13.09.2024
En gruppe kvinner i hvite labfrakker
Statsråd Jan Christian Vestre helste på medarbeidarane han trefte, og stilte villig opp på bilete. Her på lungeavdelinga. Frå venstre Eva Karin Schmidt, Aina Kjøndal, Karina Håland Jakobsen, Lena Birgitte Heskja, Jan Christian Vestre, Ranveig N. Enerstvedt og Nina Jackman. Foto: Magne Kydland

Torsdag var statsråd Jan Christian Vestre på sitt første offisielle besøk i sin gamle heimby som helse- og omsorgsminister.  Det var såleis ikkje noko overrasking at det var Helse Fonna og Haugesund sjukehus som fekk æra av å få besøk. 

Statsråden og hans følgje fekk møte medarbeidarar på felles akuttmottak, laboratoria og lungeavdelinga på det halvanna time lange besøket. Her fekk han  informasjon om drift, nye løysingar, bruk av KI og korleis vi jobbar for å korte ned ventetida.  

En mann i dress som håndhilser på en kvinne i hvit labfrakk
Statsråden helsar på "Søster Per", som det står på namneskiltet til sjukepleiar Per Melvær på Felles akuttmottak. Foto: Magne Kydland

I tillegg vart det diskutert utfordringar knytt til alt frå rekruttering og sjukefråvær til offentleg kontra private helsetenester. 

Det var ein engasjert og interessert statsråd, som stilte gode og relevante spørsmål, og som helsa på både medarbeidarar og pasientar han trefte rundt om i avdelingane. Han var imponert over det han fekk sjå, og kom me gode tilbakemeldingar. 

Statsråden kjem tilbake allereie om halvannan månad. Den 23. august skal Jan Christian Vestre leggje ned grunnstein på byggjetrinn 2 på Haugesund sjukehus. 

Noen få personer i et rom
Julie Hustveit og Christy Veronika Tvihaug viste statsråd Jan Christian Vestre rundt på laboratoriet på medisinsk mikrobiologi. Foto: Magne Kydland
Menn i dress som står i et rom
Statsråden vart ønskt velkomen av styreleiar Petter Steen jr. (t.v.) og fungerande adm. dir. Kenneth Eikeset. Foto: Magne Kydland