No startar bygginga
Dette blir eit sjukehusbygg for framtida.
Rivinga er ferdig, og byggjekranen står klar. No kan arbeidet med nybygg mot Karmsundgata endeleg starte.
Det vil nok ta litt tid før sjølve bygget reiser seg, men utbygginga vil vere godt synleg for alle som går, syklar eller køyrer forbi sjukehuset i tida framover.
– Det er godt å endeleg komme i gang. Rivinga har gått etter planen, kranen er oppe, og alt personalet frå GL Prosjektservice har flytta inn i VA-bygget og er klare til å ta fatt på den store jobben, seier prosjektleiar for byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus, Vidar Støyva. Han rosar samarbeidet med entreprenørane.
– Ja, så langt har alt fungert godt, både med GL Prosjektservice, men og alle deira underleverandørar, kjem det frå Støyva.
Opp mot 200 i sving
Det er prosjektleiar Geir Egil Høvring i GL Prosjektservice glad for å høyre.
– Vi har no jobba med prosjektet sidan i fjor vår. Vi signerte kontrakt i oktober 2023 og har sidan det hatt mange ressursar i prosjektet. Vi er no etablert på byggjeplass med kontor og er klar til å køyre i gang for fullt. Allereie denne veka kjem gravemaskinar for å starte grunnarbeida for Søraustblokka. Her vil det være peling og mange røyr som skal i grunnen dei første vekene, opplyser Høvring.
I løpet av mars vil sørblokka byrja å reise seg, og det vil bli bygd ganske så raskt. For hovudbygget, Søraustblokka, skal det totalt 2 etasjar under bakken og 6 over. Arbeidet her vil nok pågå i heile 2024. Innreiingsarbeidet startar tidleg neste år, fortel Høvring.
På det meste vil det vere opp mot 200 arbeidarar i sving med nybygget, men dette vil variere.
Bussar arbeidsfolka
– Vi har lagt opp til ei stram framdrift og alle fag har vore med på planane sidan oppstarten. Vi skal gjere det vi kan for å oppretthalde god logistikk og framdrift. I høve prosjektet har vi faktisk gått til innkjøp av buss for å transportere arbeidsfolk frå ei tomt vi leiger på Norheim. Det er ikkje tilstrekkeleg parkering for våre folk i og rundt sjukehuset og difor vurderte vi dette som viktig i byggjeprosessen. Vi håpar og trur denne bussen blir godt synleg i bybildet, seier Høvring, som kjem med ros tilbake til byggorganisasjonen i Helse Fonna.
– Samarbeidet med Helse Fonna har vore svært godt gjennom heile prosessen. Det handlar om eit tett samarbeid frå begge sider for å få til eit godt prosjekt.