Unike Familieambulatoriet er ti år

Mange gode krefter skapte og fortsett å skape ein suksesshistorie.

Eirik Dankel
Publisert 09.12.2024
En mann og en kvinne som holder en bok
Klinikkdirektør John Conrad Brandsø og leiar for Familieambulatoriet Kjersti Rikke Bårdsen. (Foto: Anne Grethe Nilsen)

Kjersti Rikke Nygaard Bårdsen er leiar for Familieambulatoriet i Helse Fonna. Ho har med seg ein dedikert gjeng som ikkje har ønske å bytte arbeidsplass. 

Eit tverrfagleg team beståande av jordmor, spesialpedagog, spesialsjukepleiar, helsesjukepleiar, barnelege, psykologspesialist og klinisk sosionom dannar gruppa som held til på Worum-bygget rett sør for Haugesund sjukehus. 

– Dei brenn for pasientgruppa, summerer ho.  

– Det seier noko tenkjer eg. 

Kva driv dei med? 

Familieambulatoriet er eit tilbod til gravide og småbarnsfamiliar der ein eller begge foreldra har eller har hatt eit problematisk forhold til rusmidlar eller har utfordringar på grunn av psykiske vanskar. 

Både foreldra sjølv og andre hjelpeinstansar kan kontakte dei direkte, og med det er terskelen for å be om hjelp kanskje lågare. Alt heilt frivillig. 

Les meir om dei: Familieambulatoriet - Helse Fonna HF 

En mann og en kvinne som holder blomster
Avdelingsleiar for BUP, Georg Walter Reinhardt, kom med både skryt og blomar til feiringa. (Foto: Anne Grethe Nilsen)

Saman om eit styrka tilbod 

For ti år sidan blei det bestemt at alle helseregionar skulle ha eit Familieambulatoriet. Gode krefter fekk det til Helse Fonna her i vest. 

– Grunnen til det var det gode arbeidet som allereie var gjort med poliklinisk oppfølging av denne gruppa av våre kollegaer ved gynekologi og føden, og samarbeidet som var etablert mellom gynekologi, føde, nyfødt intensiv, TSB og Haugaland A-senter. Vi styrka det og fekk utvikle oss og lage noko vi har tro på. Ting vi tenkte på i starten ber seg like godt i dag, samstundes som utviklinga fortsett like fullt.  

Mange kloke hovud gjekk saman for å lage dette gode tilbodet.  

– Eg synst vi har, og alltid har hatt, eit godt samarbeid med klinikkane i Helse Fonna, Blåkors Familieeininga, Crux Solstrand  og  kommunane . Dei forten alle ein stor takk på bursdagen, vi er heilt avhengige av dei, rosar ho. 

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Fleire av dei som har vore med å gjere Familieambulatoriet til ein suksess var samla til tiårsdagen.

– Det vi gjer er viktig. Eg skulle ønskje vi kunne gjere endå meir 

Tilbakemeldingar frå brukarane er veldig bra, lyd dommen frå undersøkingar gjort gjennom åra. 

– Eg opplever at det vi gjer er viktig for dei som får hjelp. 

Frå starten var det alkohol og etterkvart anna rusproblematikk som var høgst i statistikken deira. Dei seinare åra er det psykisk helse som er største årsak til tilvising, forklarar Bårdsen. 

– Medikamentbruk har også blitt større del av utfordringa til mange gravide. Då blir barn eksponert for medisinar samstundes. Summen av utfordringar vi ser gjer arbeidet meir komplekst for oss. Vi har også stigande tilvisingstal. Eg skulle ønskje vi kunne gi endå meir. 

Nye initiativ for dei alvorleg psykisk sjuke gravide 

Kvile gjer dei ikkje, for nye prosjekt er i gong. 

– I Helse Fonna har vi no teke initiativ til eit prosjekt som omhandlar Alvorleg psykisk sjukdom i graviditeten og barnets første år. Desse må vi ikkje gleppe på. 

Det Bårdsen og kollegaene no har starta er eit samhandlingsprosjekt der alle DPS, BUP og fødeavdelingane er med. 

Så her får vi til noko på tvers av føretaket, seier funksjonsleiaren nøgd.  

– Målet er å lage rutinebeskriving på kva vi i føretaket gjer for denne pasientgruppa, for eksempel ved svangerskap- og barselsdepresjon. Dette blir spennande å gjere saman.